Hopp til innhold

Greibesland får fire nye år

Johnny Greibesland får fire nye år i ordførarstolen i Songdalen. Sp og Ap fekk flest stemmer i kommunevalet, Frp fekk kraftig nedgang.

Johnny Greibesland
Foto: Svein Sundsdal / NRK

Valglogo

– Eg er kjempefornøgd! Senterpartiet har gjort eit veldig godt val igjen, og gått fram to-tre prosentpoeng, og får ein ekstra representant i kommunestyret. Eg er veldig fornøgd.

Ifølge Søgne og Songdalen budstikke blir Greibesland igjen ordførar, og Jan Erik Tønnesland (Ap) varaordførar i Songdalen.

Senterpartiet og Arbeidarpartiet har fleirtal i kommunestyret, og kunne difor samarbeide åleine.

– I førre periode så var vi fem parti som samarbeida, så eg ser ikkje bort ifrå at det kjem eitt eller to parti til.

Frp gjekk lengst tilbake i Songdalen, med ein nedgang på 4,8 prosentpoeng sidan førre kommuneval.

– Eg hadde håpt valresultatet for vår del hadde blitt noko høgare enn det vi oppnådde, eg må ærleg innrømme det, seier fyrstekandidat Arild Birkenes.

Han fortel at han likevel ikkje er skuffa.

– Det er mange veljarar som har stemt på oss. Så i neste periode skal ivareta desse si interesse på best mogleg måte.

Birkenes seier han ikkje har fundert på kvifor veljarane sviktar FrP i Songdalen.

– Det kan vere ein kombinasjon av fleire grunnar, men dette er ikkje noko eg har satt meg inn i endå.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %