Hopp til innhold

Gravstøtta til krigshelt vart kasta på dynga

Tilfeldigheiter gjorde at eldsjeler fann gravstøtta til krigshelten Sigurd Eskeland på ei søppeldynge i Risør.

Gravstøtten til krigshelten fra andre verdenkrig, var kastet på dynga. Tilfeldigheter gjorde, at ildsjeler oppdaget hva som hadde skjedd. Nå får Sigurd Eskeland oppreisning.

VIDEO: Sjå reportasje om gravstøtta som vart funne på dynga.

Det var i samband med dugnad på kyrkjegarden i Risør at Torkjel Johansen og Ørnulf Kibsgaard fann gravstøtta. Der låg den saman med fleire andre gravstøtter.

Sigurd Eskeland

Sigurd Eskeland døydde i krigen i 1943.

Foto: NRK

– Det var den første støtta eg løfta på. Då eg såg Sigurd Eskeland sitt namn tenkte eg «der fann vi den», seier Johansen.

– På prestekontoret vart det sagt at den skulle sendast og malast opp, sier Kibsgaard.

Drepen i Tromsø

På gravstøtta står det: «Løytnant i Kompani Linge Sigurd Eskeland. Falt i kamp for sitt land i 1943 ved Tromsø».

Sigurd Eskeland leia ei sabotasjegruppe i Toftefjorden i Tromsø i 1943. Gruppa forsøkte å ta seg i land. Det heile enda med katastrofe. Berre ein i kompaniet kom seg unna i live. Dei andre vart drepne av tyskarane.

– Vi må jo ta vare på minnene og heidre dei som har gitt alt for fridommen. Det er det minste kravet, seier Johansen.

Torkjel Johansen

Torkjel Johansen legg ned ein krans på gravstøtta til krigshelten.

Foto: Line Oftedal Pedersen/NRK

Tilbake der den høyrer heime

Sigurd Eskeland frå Gjerstad og Risør utvandra til Argentina og starta ein teplantasje. Då krigen kom til Norge reiste han til London og melde seg til teneste.

– Det var vel bevisstheita kring at Norge var ein ung nasjon. Det var berre 35 år etter unionsoppløysinga med Sverige. Det har vi lett for å gløyme, seier Kibsgaard.

No har gravstøtta komme på plass igjen på kyrkjegarden i Risør.

– Det er rørande å stå her, seier Johansen.

Dei to har lagt ned ein krans med norske fargar.

– Det er historie å ta vare på minnene frå dei som gav alt, seier han.

Kong Haakon i Kristiansand Ukerevy 35 1945

Ukerevy 1945: Sjå video frå tida etter frigjeringsdagen i Kristiansand.

Kong Haakon i Arendal Ukerevy 36 1945

Ukerevy 1945: Sjå video frå tida etter frigjeringsdagen i Arendal.

Klokken 16.40, den 7. mai 1945, offentliggjør avisen Fædrelandsvennen den historiske meldingen om at tyskerne har kapitulert i Europa. Gleden er stor blant sørlendingene. 
Dagen etter, den 8. mai, kan jubelen virkelig slippes løs. Tyskerne kapitulerer i Norge og folk i Kristiansand feirer begivenheten med sydlandsk temperament. Maken til folkeliv i gatene har ikke byen sett siden 1905.
Her noen glimt fra maidagene i Kristiansand 1945. Se den enorme gleden blant folk, det norske flagget som heises til topps over rådhuset og fangene som slippes fri. 
Rettigheter: Dagfinn Pettersen
Tekster: Olav Varen

Sjå video frå frigjeringsdagen i Kristiansand.

Alt om 70-årsmarkeringen:

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %