Hopp til innhold

– Det var ein eventyrleg fangst på den tida

Hobbyfiskar Karl Åge Høgsås frå Mandal ser fram til å setje ut dei første hummarteinene. Men forventningane er langt lågare i år enn i ungdomsåra.

Karl Åge Høgsås

Karl Åge Høgsås hugsar tilbake til gode år for hummarfiske. Bilete er teke i 1989.

Foto: Gunnar Olsen/NRK

– Det er ei voldsom spenning. Eg gler meg heile året til dette. Når hummarfisket sluttar byrjar eg å tenkje på neste års fiske, seier Karl Åge Høgsås til NRK.

Tysdag morgon klokka sju gjer han seg klar og lesser ti teiner oppi båten sin. Klokka åtte opnar hummarfiskesesongen. 78-åringen har fiska hummar i ei årrekkje, men fiskegleda er framleis like stor.

Fekk ni hummar første gang

– Du må vere temmeleg sjuk om du ikkje gler deg til hummarsesongen, ler han.

I 1989 var Høgsås med i ein minidokumentar om hummarfiske på Sørlandet på NRK.

Hummerfiskekarriera til Høgsås starta rett etter krigen. Han hadde fått 20 teiner av far sin som var øydelagde.

– Eg sette dei i stand igjen og rodde ut når det var fint vêr. I det første trekket mitt fekk eg ni hummar, fortel han.

Han hugsar tilbake til gode fiskeår i 1961 og 1962. Då fiska han saman med far sin.

– Det var ein eventyrleg fangst. I løpet av desse sesongane hadde far min mellom 700 og 800 hummar. Til saman fiska far min kring 8000 hummar, seier han.

Møte med Karl Åge Høgsås fra Sjøbodvik ved Mandal.Program fra 1989.

VIDEO: Sjå minidokumentaren med Karl Åge Høgsås frå 1989.

– Nøgd om eg får ein

No er han klar til å ta fatt på ein ny hummarsesong, men forventningane er langt mindre i år enn i 1962.

– Teinene vi har i dag er jo mykje betre. Tidlegare gjekk dei like fort ut som dei gjekk inn. No er dei veldig gode, seier han.

– Kor mange hummar trur du på første dag?

– Får eg ein er eg nøgd, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %