NRK Meny
Normal

Gjorde ikkje noko ulovleg

Dinastiftelsen har alt på sitt reine då den gav pengar til enka i Kongo-saka. Det hovudkonklusjonen etter at Lotteri- og stiftelsestilsynet har granska stiftelsen der Rune Edvardsen er dagleg leiar.

Rune Edvardsen sammen med Tjostolv Moland i Kisangani.

LOVLEG: Rune Edvardsen (t.v) og Dinastiftelsen har ikkje gjort noko ulovleg då dei har gitt pengar til enka i Kongo-saka. Her sit han saman med Tjostolv Moland i Kongo.

Foto: Kristian Aanensen / NRK

Fleire kritiske medieoppslag gjorde at tilsynet oppretta sak. Edvardsen har forklart at støtta til enka ikkje har noko med at det er to nordmenn som sit fengsla i Kongo.

– Enka og familien hennar ville ha komme i stor naud som følgje av stiuasjonen dei har komme i, står det i rapporten.

Får kritikk

– Støtta til enka har ikkje skjedd på oppfordring, men på humanitært grunnlag. Stiftelsen jobbar fleire stader i Kongo der enker vert støtta gjennom prosjekt, og slik sett er ikkje dette spesielt, står det vidare.

Men Dinastiftelsen får kritikk for ikkje å ha styrevedtak på å betale ut pengar.

– Stiftelsestilsynet finn grunn til å reise kritikk mot styret i stiftelsen. Så langt vi kan sjå er ikkje stiftelseslova sine beslutningar om at utdelingar skal fattast som styrevedtak fulgt, skriv tilsynet.

«Fanger hjelper fanger»

På sommarstemnet i Sarons Dal vart det samla inn pengar til Moland og French sitt prosjekt «Fanger hjelper fanger». Mykje av mediekritikken har gått på om gjevarane veit at pengane går til dette formålet.

I rapporten går det fram at det ikkje er Dinastiftelsen som samla inn pengane til fangane, men foreininga Karis Misjon.

– Styret bør vurdere om dette er ein heldig relasjon. Etter tilsynet si vurdering bør styret vurdere om det er hensiktsmessig at midlane kanaliserast gjennom stiftelsen, skriv tilsynet.

I samband med fengslinga av dei to nordmennene betalte Rune Edvardsen 5000 dollar av stiftelsen sine midlar til mat og klede under fengselsopphaldet i Kongo. Familiane til Moland og French har betalt tilbake halvparten.

Vil ikkje følgje opp saka

Stiftelsestilsynet skriv også at dei ventar at Dinastiftelsen vil rette seg etter tilrådingane og utarbeidar og set i verk rutiner og retningsliner.

– På bakgrunn av Stiftelsestilsynet sin ressurssituasjon, samt ei vurdering av omfang og viktigheit, vil ikkje denne saka bli fulgt opp ytterlegare, skriv Lotteri- og stiftelsestilsynet.