Hopp til innhold

Gjekstad vil løfte Vipers opp i europatoppen

Ole Gustav Gjekstad gjer comeback som handballtrenar og tek over serieleiar Vipers Kristiansand neste sesong. Den meritterte trenaren har skyhøge ambisjonar.

Ole Gustav Gjekstad og Peder Langfeldt

Ole Gustav Gjekstad blir trenar i Vipers Kristiansand. Han vart presentert på ein pressekonferanse torsdag. Sportsleg leiar Peder Langfeldt ynskjer vestfoldingen velkommen.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Eg syns det er eit spennande prosjekt. Eg har tenkt litt over tid om eg skulle tilbake på handballbana dersom prosjektet er riktig. Det syns eg det er, seier Gjekstad til NRK.

Tidlegare denne veka vart det kjent at Kenneth Gabrielsen gjer seg som Vipers-trenar etter sesongen.

Pendling og familiesituasjon gjer at han vil forlate Vipers-skuta.

Gjer comeback

Arvtakaren Gjekstad gav seg som Larvik-trenar i 2015. Sidan den gong har han jobba i næringslivet, og det var ikkje sjølvsagt at han skulle tilbake i handballen.

– Hadde du spurt meg for eit og eit halvt år sidan ville eg svara at eg ikkje kjem tilbake. Men ønsket om å få kampkjensla igjen har meldt seg. Eg trur pausen eg har hatt har vore veldig bra, seier han.

Gjekstad er ein av Norges mest meritterte handballtrenarar med Larvik.

Drøssevis med seriemeisterskap, cupmeisterskap og til og med gull i Champions League står på merittlista.

Ole Gustav Gjekstad, Vipers Kristiansand

Ole Gustav Gjekstad opplevde stor suksess i Larvik. No siktar han mot europatoppen med sin nye klubb Vipers Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Tek over serieleiaren

No vil han løfte Vipers opp i europatoppen.

– Eg meiner vi bør ha som mål å vere med heilt i det beste sjiktet i Europa. Per no har ikkje Norge lag blant dei 12 beste, og slik kan vi ikkje ha det. Men eg tenker vi må prøve å sikte oss inn mot topp fire på lengre sikt, seier Gjekstad.

– Kor langt unna er Vipers det akkurat no?

– Ikkje så langt unna denne sesongen. Men det er klart at ein skal jobbe godt for å vere på toppen i Europa over tid, seier han.

Vipers Kristiansand vann cupfinalen i desember og toppar eliteserietabellen. I tillegg skal klubben spele semifinale i EHF-cupen i april.

I Vipers blir han trenar for både Katrine Lunde, Linn Jørum Sulland, Marta Tomac og Emilie Hegh Arntzen.

– Det blir nok nokre nye ansikt neste sesong, men eg har ikkje sett mykje på spelarlogistikken førebels. Det blir nok ikkje store utskiftingar, seier han.

Håndball: NM-finale Kvinner: Stabæk - Vipers Kristiansand (17-30)

Vipers vann cupfinalen i desember.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %