Hopp til innhold

Gelius skal skrive ny bok

Sokneprest Einar Gelius skal skrive bok om bråket etter sex-boka.

Einar Gelius

NY BOK: Einar Gelius fekk krass kritikk etter at han gav ut bok i fjor. No kjem det ny bok frå sørlendingen. (Arkivfoto)

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

– Eg er ikkje bitter i den forstand, men eg har mine synspunkt på det som skjedde. Eg har alltid hatt veldig sterke synspunkt på samfunns- og kyrkjespørsmål, seier han til VG Nett.

Det storma rundt soknepresten i november i fjor. Arendalitten gav ut boka «Sex i Bibelen», som blant anna anbefalte bruk av pornografi og omtala positive sider ved gruppesex.

Måtte seie opp

Oppstyret gjorde at Gelius til slutt måtte seie opp jobben som prest i Vålerenga kirke.

– Eg har jo opplevd mykje som 25 år som prest, vore med på ufatteleg mykje. Det er jo ei slags, kva skal eg kalle det, ei slags biografisk debattbok. Litt om meg sjølv og det eg har vore med på, seier han.

– Eg har vore gjennom ein oppsigelse, eg har sagt opp jobben min. Det var jo litt av ei sak, seier han til avisa.

– Det var uverkeleg

Gelius avslører at det vert lite frå privatlivet i den nye boka.

– Nei, eg har jo skrive litt om det i sexboka, så det får halde, seier han.

– Eg fekk jo så mykje kritikk for det då, veit du. Det var nesten som å oppleve seg sjølv på film. Det var heilt uverkeleg. Og det skjedde så mykje på utruleg kort tid. Fire veker etter at boka kom ut, sa eg opp jobben min, fortel han.

– Det var fire veker då alt vart snudd på hovudet. Eg fekk jo kjeft frå alle kantar; frå feministar, frå kvinnelege teologar, og eg veit ikkje kva. Men eg fekk også mykje hyggeleg støtte, ler han.

Stolt av sex-boka

Soknepresten trur boka ville ha blitt teke imot annleis i til dømes USA.

– Her i Norge vart det nærast oppfatta som undergangen. Eg vart jo mistenkt for min teologiske kompetanse, og eg veit ikkje kva. Hadde denne boka blitt utgitt i kva som helst anna land, hadde folk knapt lea på augeloket, seier han til VG Nett.

– Men det fortel at seksualitet framleis er eit veldig ømtålig tema. Og når eg attpåtil blandar Bibelen inn i det, vert folk heilt rabiate. Men eg er stolt av den boka. Der det noko eg er stolt av i mitt liv, så er det den, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %