NRK Meny
Normal

Gautestad vil forsterke stallen

ØIF Arendal-trenar, Leif Gautestad, vil styrkje stallen i vinterpausen.

Leif Gautestad, ØIF Arendal
Foto: Sander Heggheim/NRK

No er fire spelarar på prøvespel i arendalsklubben. Ein keeper og tre kant- eller linjespelarar. Ein av dei er frå Finland, to frå Danmark og ein nordmann. Ifølgje Agderposten skal spelarane har erfaring får anten landslag, eller øvste serie i heimlandet sitt.

I desember rauk Andreas Kjølner Hansen akillessena, og er ute for resten av sesongen. Det betyr at klubben står att med to urutinerte venstrekantar. Gautestad vedgår at klubben er på jakt etter ein erstattar etter Kjølner Hansen.

– Vi tenkjer både på kort og lang sikt. Men vi skal vere nøye når vi finsiktar spelarane under trening, og vi skal også leggje vekt på korleis dei glir inn blant dei andre spelarane. Det er ei av årsakene til at dei skal vere her over tre dagar, seier Gautestad til Agderposten.

ØIF Arendal ligg på 9. plass etter halvspelt serie med ni poeng.