– Det er veldig jamne lag, så eg hadde ingen store forhåpningar til trekninga. Eg ville gjerne unngå Fyllingen, elles kunne eg godt ha tenkt med ein Oslo-tur der vi kunne fått supportarane med oss, men Stord er heilt ok, seier ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad til NRK.
– Femti-femti
Til bortekampen mot Runar i helga var over 250 supportarar med for å støtte laget. Lang reiseavstand gjer nok at laget ikkje får same støtte på Stord. Men Gautestad trur det er fullt mogleg å slå hordalendingane. ØIF Arendal slo Stord på bortebane, men tapte heime i Nedeneshallen i serien.
– Eg vurderer kampen som ein femti-femti-kamp, seier Gautestad.
– Det er eit lag vi har hatt blanda opplevingar mot i år. Vi hadde ein fantastisk kamp på Stord, der vi utspelte dei då dei var inne i ein vanskeleg periode, etter å ha skifta trenar. Den dårlege opplevinga mot Stord hadde vi når vi tapte heime i Nedeneshallen, etter å ha leia store deler av kampen. Vi følte oss litt snytt då dei slo oss knepent, seier han.
Trur på semifinale
Supportarklubben Svermen er optimistar med tanke på avansement til semifinalen. Kari Sunde og Tine Johansen var på plass då laget slo Runar og sikra 4. plassen i serien i helga. Dei trur laget kan hamle opp med kven som helst.
– Dei har bevisst at dei kan slå dei beste laga i serien, seier dei.
– Alt kan skje. Vi er alltid optimistar og trur det beste legg dei til.
Den første kampen går på Stord 21. april, medan returkampen går i Nedeneshallen 25. april. Stord enda på 8. plass i serien, og tok altså den siste sluttspelplassen.