– Det er iallefall ingenting som tilseier at det kjem færre tilskodarar i år enn i fjor, seier Gautestad til Agderposten.
Auka kapasitet
I fjor hadde klubben eit snitt på 957 tilskodarar. I år har handballklubben lov til å sleppe inn endå fleire i hallen. Talet på røminingsvegar er nemleg dobla. Det betyr at klubben kan sleppe inn 1200 menneske i Nedeneshallen.
LES OGSÅ: Kasta ut av cupen etter språkkrøll
– Det er alltid kjekt å spele i Nedeneshallen, men ekstra morosamt då trøkket var som i fjor, seier Gautestad som tidlegare har omtala heimepublikummet som Noregs beste.
Slo Follo
ØIF Arendal fekk ein god start på sesongen då dei slo Follo borte i første serierunde. Dagens motstandar, Stord, enda på 8. plass i fjor.
LES OGSÅ: Droppar cup-anke
I fjorårets serie tapte Gautestad sine menn 27-30 heime i Nedeneshallen, medan det vart 31-17 siger til ØIF på Stord.