– Vi håpar på same trøkk på bana og frå publikum som vi opplevde søndag mot Bækkelaget. Mykje kjensler, stor entusiasme og mange gode prestasjonar, seier Gautestad til klubben sine nettsider.
Har skuffa
Arendalittane ligg på 9. plass med åtte poeng føre dagens kamp mot regjerande cupmeister Runar. Bortelaget ligg på ein skuffande 7. plass med ni poeng så langt denne sesongen.
– Runar har ambisjonar om å kjempe om medaljar denne sesongen, men har vore uheldige med skade og sjukdom. Til kveldens kamp trur vi dei spelar tilnærma med fullt mannskap slik dei gjorde då Haslum vart banka med ti mål sist kamp, seier Gautestad.
Skraut av publikum
heime i Nedeneshallen. Etter kampen sa Gautestad at klubben har det beste heimepublikummet i Noreg.
– Å få oppleve den entusiasmen og oppbackinga vi får her er heilt fenomenalt, sa Gautestad.
Kveldens kamp startar klokka 18.00 i Nedeneshallen.