Hopp til innhold

Går i ringen for sin døde far: – Han var i ferd med å bli gløymd

Kai Robin Havnaa er i ferd med å bokse seg inn i verdstoppen. Det gjer også at faren sine prestasjonar i bokseringen vaknar til liv.

Kai Robin Havnaa

Kai Robin Havnaa på trening i Arendal. Laurdag skal han bokse proffkamp på heimebane.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Eg har tenkt mange gonger at dersom det går rett vest med meg, så er det kjempebra at far min ikkje vart gløymd. Det var han i ferd med å bli. Då er i alle fall det i boks. Slik sett er det berre vinn vinn, seier Havnaa til NRK.

28-åringen frå Risør har til no gått 11 proffkampar. Han har vunne alle.

Ni av dei er vunne på knockout.

Intervju med Kai Robin Havnaa før

Sjå intervju med Kai Robin Havnaa.

Mista faren som 15-åring

Laurdag skal han i aksjon i Arendal. Dermed får han oppfylt draumen om å bokse proffkamp på heimebane, noko også faren Magne drøymde om.

– Folk treng ikkje seie til meg at han hadde vore stolt, for det veit eg han hadde vore, seier han.

I 1990 vart faren Magne Havnå den første norske verdsmeisteren i boksing. Ingen andre norske menn har klart den same bragda. 14 år seinare døydde han i ei båtulykke i Risør.

– Det var ei forferdeleg tid. Du må nesten ha opplevd det for å kunne setje seg inn i kjenslene. Det tek mange år før du kjem skikkeleg til hektene igjen, seier han.

Magne Havnaa da han ble verdensmester i 1990

Magne Havnaa vart verdsmeister i boksing i 1990. Då var Kai Robin eitt år gammal.

Får spørsmål

Det same året vart onkelen Erling arrestert og dømd for NOKAS-ranet.

Desse to hendingane dukkar stadig opp når 28-åringen er i mediebilete.

– I starten forstod eg ikkje kvifor dette er så spesielt. Men far min er den einaste verdsmeisteren. Når eg tek opp arven på denne måten er det naturleg at eg får mange spørsmål, seier han.

– Det er jo eigentleg berre veldig hyggeleg at folk hugsar på han og at han kjem fram igjen i lyset for den enorme bragda han gjorde, seier han.

Erling Havnå

Onkelen Erling Havnå var med på NOKAS-ranet. No er han ein fri mann og med i teamet til Kai Robin Havnaa.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Vil kopiere faren

I løpet av 2018 er målet å nærme seg verdstoppen.

På sikt er draumen og målet å kopiere faren sin verdsmeistertittel.

– Proffboksing er så tøft og hardt. Du må gjennom så mange harde treningar og kampar, at viss du ikkje har som mål å bli verdas beste, så går det ikkje, seier Havnaa.

Mange spør kor mykje han har betydd for idrettskarrieren min. Han har betydd alt for motivasjonen i livet. Han er eit bevis på at alt er mogleg, seier Havnaa om faren.

Kai Robin Havnaa

Kai Robin Havnaa brukar faren sin verdsmeistertittel som inspirasjon i eiga boksekarriere.

Foto: Sander Heggheim / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %