NRK Meny
Normal

Går hardt ut mot lønspålegg

Varaordføraren i Arendal reagerer sterkt på at rådmannen i kommunen gir 111 000 kroner meir i løn til fem kommunalsjefar, samstundes som kommunen må kutte i budsjettet.

Tormod Vågsnes

REAGERER: Varaordførar i Arendal, Tormod Vågsnes (bilete) likar dårleg at rådmannen gir fem kommunalsjefar over 100 000 meir i løn. (Arkivfoto)

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Harald Danielsen

Harald Danielsen

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Eg er djupt uroa for dette. I den situasjonen vi er i no er det uklokt det han har gjort, seier varaordførar Tormod Vågsnes (KrF) til NRK.no.

Dei fem kommunalsjefane får ei lønsauke på 111 000 kroner kvar, som tilsvarar 16 prosent. Dermed får dei no ei løn på 806 000 kroner.

– Skuffa over rådmannen

– Det blir heilt feil for meg. I den situasjonen vi er i no er det uklokt det han har gjort, seier Vågsnes.

– Det kan godt hende at vi skulle ha hatt eit løft, men då burde det ha skjedd over fleire år. Dette uroar heile systemet. No får vi sjå kva som skjer. Eg er skuffa over det rådmannen har gjort, seier Vågsnes.

Desse sjefane får meir løn:

  • Kommunalsjefen for plan, kultur, miljø, næring
  • Kommunalsjefen for økonomi og administrasjon
  • Kommunalsjefen for helse og omsorg
  • Kommunalsjefen for personal og organisasjon
  • Kommunalsjefen for oppvekst

Forstår kritikken

Både Senterpartiet, Arbeiderpartiet og Framstegspartiet reagerer på lønsauken. Sjølv forstår rådmann Harald Danielsen kritikken.

– Eg forstår at nokon reagerer på at veksten i år er veldig stor og at den kjem samstundes med tøffe budsjettprosessar. Men det eg har gjort er å vurdere ut ifrå kva jobben består i, og har komme til at det nivået som er avtalt er riktig, seier Danielsen til NRK.no.

– Stor oppgåve

– Eg kan nesten ikkje hugse noko år som vi ikkje har skore ned. Det er jo ikkje slik at det vert mindre utfordringar å vere leiar i kommunen i nedskjæringstider. Det vi må hugse er at vi har ein organisasjon med 3400 tilsette. Det er ei veldig stor oppgåve å halde den i kurs, seier han.