Hopp til innhold

Går for personlege rekordar i VM

Skøytetalentet Simen Spieler Nilsen (19) håpar på å setje personlege rekordar under VM på skøyter i Vikingskipet. Trenaren trur han kan overraske stort.

Simen Spieler Nilsen håper på personlige rekorder og en god plassering under sitt aller første skøyte-VM for seniorer til helgen. I dag pakket junior løperen ned skøytene og dro til hamar.

VIDEO: Simen Spieler Nilsen sette kursen mot Hamar tysdag morgon.

Simen Spieler Nilsen

Simen Spieler Nilsen.

Foto: Tor Saltrøe/NRK

– Dersom eg persar hadde det vore veldig bra for helga etter, seier Spieler Nilsen til NRK.

Tysdag morgon reiste han frå Kristiansand lufthavn Kjevik. Kursen er mot Vikingskipet og konkurranse mot verdseliten i VM.

Slo Kramer

– Eg gler meg veldig. Det er sesongens hovudmål og desserten som kjem no. Det blir veldig gøy å få gå senior-VM. Så kjem junior-VM helga etter som er det store målet. Det gler eg meg til, seier han.

I januar imponerte skøytetalentet frå Arendal alle då han klinka til og slo sjølvaste Sven Kramer i allround-EM i Heerenveen.

– Dersom eg møter han kjem eg sjølvsagt ikkje til å halde igjen noko, smiler han.

Spieler Nilsen vedgår at han kjenner på nervane før VM-debuten på seniornivå.

– Eg blir nervøs av å tenke på det. Men du må lukke det ute når du kjem opp dit. Då blir det fokus, seier han.

– Det blir mykje folk og bra stemning og mange kjende menneske. Det gler eg meg veldig til. Det blir ei stor oppleving, seier han.

Arendalitten er berre ein av tre nordmenn som deltek i VM i Vikingskipet til helga. Dei to andre er Håvard Bøkko og Sverre Lunde Pedersen.

– Det er kjempestort å vere i selskap med Håvard og Sverre, som er to av verdas beste skøyteløparar. Å ha dei med på trening og matche oss er berre positivt, seier Spieler Nilsen.

Sondre Skarli

Sondre Skarli trur at Simen Spieler Nilsen kan overraske i VM.

Foto: Tor Saltrøe/NRK

Trur på sterk plassering

Assisterande landslagssjef Sondre Skarli, som også er frå Arendal, trur at Simen Spieler Nilsen kan overraske på Hamar.

– Han har ein tendens til å overraske når det gjeld som mest. Det får vi håpe han gjer igjen. Eg trur han kan gjere ein veldig god figur der, seier Skarli.

– Først og fremst er det viktig med god erfaring frå seniormeisterskap, men eg trur han kan overraske med ei veldig god plassering, seier han.

– Kor god plassering?

– Det er vanskeleg å seie, men klarer han 13.–14. plass vil det vere fantastisk, seier trenaren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %