Hopp til innhold

Går dette bra?

Start med tre nye i forsvaret.

Morten Hæstad, Jepser Mathisen og Knut Henry Haraldsen

Morten Hæstad (t.v), Jesper Mathisen og Knut Henry Haraldsen må inn i forsvaret.

Foto: SCANPIX

Viking - Start 4. april 2009

Bård Borgersen.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Start-trenar Knut Tørum mønstrar nærast heilt ny forsvarsfirar til kveldens kamp mot Strømsgodset.

Bård Borgersen vart utvist i tapet mot Lillestrøm for ei halv veke sidan, og må difor stå over kampen mot dramensarane. Det same må Clarence Goodson som er på landslagsoppdrag med USA i Gold Cup . I tillegg må høgreback Hunter Freeman stå over på grunn av eit dumt gult kort mot Lillestrøm onsdag.

Svake kampar

Det betyr at Morten Hæstad må inn på høgreback for Freeman. Hæstad har ikkje overbevisst som høgreback så langt i år. Jesper Mathisen går inn for Goodson i midtforsvaret. Mathisen har levert fleire svake oppvisningar så langt denne sesongen. I cupoppgjeret mot Løv-Ham scora han blant anna sjølvmål og bomma på den avgjerande straffa som sende Start ut av cupen.

Bola ute

Christian Bolanos

Christian Bolaños.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Også Knut Henry Haraldsen, som går inn for kaptein Borgersen, har til gode å imponere i år. Han spelte blant anna saman med Mathisen i midtforsvaret då Start tapte 0-5 borte mot Stabæk.

I tillegg er Christian Bolaños ute på grunn av at han sa nei til landslagsspel med Costa Rica. Ifølgje FIFA-reglane kan landslaget difor nekte han å spele for Start - noko dei gjorde i kampen mot Lillestrøm. Start-trenar Knut Tørum, vedgår at han er spent.

Spent trenar

Knut Tørum

Start-trenar Knut Tørum.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

- Ting fungerer bra når det går sakte, men utfordringa kjem når tempoet aukar. Det er sjeldan vanskeleg å spele fotball på papiret, men når ein kjem ut i kamp og ting skjer fort, må samhandlingane vere på plass, seier Tørum til klubben sine nettsider.

– Det er vanskeleg å få svar på om dette vil fungere før vi er i kamp, seier Tørum.

Christer Kleiven er tilbake på benken etter å ha vore ute med skade i lengre tid.

Uavgjort i Drammen

Bernt Hulsker

Bernt Hulsker.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Tilsvarande oppgjer i vår enda 3-3 på Marienlyst stadion. Då leia Start 1-0 til pause, men Godset utlikna i andre omgang før Start igjen tok leiinga.

Alle trudde at tre poeng skulle bli att i Drammen då Marcus Pedersen scora to kjappe, men Bernt Hulsker sørga for eitt poeng på overtid . Sist laga møttest i eliteserien på Sør Arena, vann Strømsgodset 3-2.

Kampen kan du anten følgje gjennom NRK sitt LIVE tekstoverføringssystem , eller på NRK P1 frå klokka 17:30 .

Start stiller med følgjande lag:

Kenneth Høie - Morten Hæstad, Jesper Mathisen, Knut Henry Haraldsen, Branislav Milicevic - Solomon Owello, Petter Bruer Hansen, Geir Ludvig Fevang, Espen Børufsen - Mads Stokkelien - Bernt Hulsker

Benken: Tommy Runar, Espen Knudsen, Rolf Daniel Vikstøl, Leif Otto Paulsen, Aram Khalili og Christer Kleiven.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %