Galleri må betale moms
Kunstgalleriet Bi-Z i Kristiansand må betale 2,3 millionar kroner i moms til Skatt Sør. Det slo Oslo tingrett fast i ein dom i dag. Galleriet har meint dei har drive formidling av kunst, som etter lova ikkje skal påleggast moms. Men det er ikkje tingretten samd i.