Hopp til innhold

Fylkeslege: – Burde informere pasientar som har blitt feilbehandla

Fylkeslege i Vest-Agder, Geir Stangeland, meiner det kan vere rett å informere pasientar om at det har blitt feilbehandla, trass i at tilsynsmyndigheitene ikkje har plikt til dette.

Legebesøk

Eit titalls pasientar i Vest-Agder har blitt feilbehandla utan å få vite om det. Fylkeslegen meiner tilsynsmyndigheitene skal vurdere å gi pasientar viktig helseinformasjon.

Foto: COLOURBOX

Fleire titalls pasientar har fått uforsvarleg behandling av ein tidlegare fastlege i Vest-Agder, utan å få vite om det.

Fylkeslege i Vest-Agder, Geir Stangeland, meiner dette kan vere feil.

– Når gjeld slike tilfelle der legen har fratrått frå stillinga eller liknande, kan det bli vanskeleg å sørgje for dette. Det er difor det òg er åpna for at tilsynsmyndigheita, anten det er fylkesmann eller statens helsetilsyn, kan velje å informere pasientane om at ein gjennom gransking har funne ut noko som ein burde få kontrollert og fulgt opp.

Vurdere å gi viktig helseinformasjon

Geir Stangeland

Fylkeslege i Vest-Agder, Geir Stangeland, meiner dei må vurdere kvart enkelttilfelle, og så kome med informasjon frå granskinga.

Foto: Reidar Mosland / NRK

Helsetilsynet har tidlegare sagt til NRK Sørlandet at lovverket ikkje pliktar tilsynsmyndigheitene å informere pasientar som har fått uforsvarleg behandling hos ein tidligare fastlege i Vest-Agder.

Fylkeslege Stangeland seier no at sjølv om lova ikkje plikter helsemyndigheitene å følgje opp pasientar som er feilbehandla, skal tilsynsmyndighetene likevel vurdere å gi pasientar viktig helseinformasjon.

– Vi som tilsynsmyndigheit skal vurdere i enkelttilfelle der vi ser at det klart er noko som har gått galt og som kan ha fått eller har fått konsekvensar for pasienten, så kan vi vere behjelpeleg med å gi informasjon om kva vi har funne i granskinga.

Vil ikkje gripe inn

Stangeland seier dei ikkje vil gripe inn i saka som gjeld ein tidlegare fastlege i Vest-Agder.

– Det er ikkje vår sak. Det er statens helsetilsyn som har saka, og det er dei som må vurdere dette.

Regjeringa må foreslå ny lov

Leder i SV Audun Lysbakken

SV-leiar og helsepolitikar Audun Lysbakken er ikkje einig i helsemyndigheitene sitt syn på saka.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

SV-leiar og helsepolitikar Audun Lysbakken, reagerte før helga på helsemyndigheitenes syn på saka.

Han vil utfordre helseminister Bent Høie til å rydde opp, og seier at viss det trengs ei ny lovgivning må regjeringa foreslå det.

Fylkeslege Geir Stangeland er einig i at ein bør sjå på lova ein gang til.

– At vi kanskje har eit område som ein kan sjå på igjen, det trur eg er mogleg.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %