Hopp til innhold

Furre om Sundtoft-exit: – Særs beklageleg

Tine Sundtoft har sjølv bede om å bli avløyst som klima- og miljøminister. Dette er ikkje fylkesleiar Harald Furre nøgd med.

Harald Furre

Fylkesleiar Harald Furre er ikkje nøgd med at Tine Sundtoft ikkje lenger representerer Sørlandet i regjeringa.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

I formiddag presenterte Erna Solberg gjennom eit ekstraordinært statsråd sine nye medlemmar i regjeringa.

Tine Sundtoft

Sundtoft (H) etter FNs klimakonferanse COP21 i Paris 2015, sluttet.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Tine Sundtoft frå Lillesand går av som klima- og miljøminister.

Fylkesleiar i Vest-Agder Høgre, Harald Furre, meiner dette er særs beklageleg.

– Det er veldig beklageleg av to årsaker. Det eine er at eg tykkjer ho har gjort ein solid jobb, toppa no med innsatsen i Paris. Det andre er at Sørlandet då er utan ein statsråd, og det er særs beklageleg.

Furre meiner ikkje dei har gjort ein for dårleg jobb med å presse på.

– Vi har tatt kontakt og understreka viktigheita av at Sørlandet er representert i regjeringa, men dette er prosessar som styrast veldig tett av statsministeren.

Ba sjølv om å bli avløyst

Det var Sundtoft sjølv som ba om å kunne fråtre.

Furre viser til at Sundtoft kjem tilbake til jobben som fylkesrådmann.

– Der kjem ho til å gjere ein solid innsats, på same måte som ho gjorde det før ho blei statsråd. Og så må vi frå landsdelen sørgje for at regjeringa fortsatt ser Sørlandet.

Tidlegare fått kritikk

Tidlegare har Arbeiderpartiet fått kritikk for å ikkje ha nok folk frå landsdelen. Furre er redd for at dette også kan ramme dei.

– Heldigvis så har regjeringas politikk sett Sørlandet veldig tydeleg dei seinare åra når vi har fått gjennomslag for veldig mange av våre saker. Både fengsel, veg, Sørlandslab og fleire. Så regjeringa ser Sørlandet, og det forventar vi at den framleis skal gjere, og vi skal jobbe hardt for det.

Furre ser ikkje bort ifrå at det no kan bli ein kamp om å få andre posisjonar i regjeringa.

– Det er klart at det kan bli endringar i statssekretær- og rådgivarkorpset som ei følgje av stadsrådskifter. Vi får sjå kva som skjer der.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %