NRK Meny

Full utrykking til søppelbrann

Brannvesenet i Setesdal har sløkt ein brann på ei søppelfylling på Evje.

Brann på Evje

Det brann godt då brannvesenet kom til staden. Dei brukte blant anna ei gravemaskin i sløkkearbeidet.

Foto: Svein Egil Syrtveit

– Det tok fyr i ein søppelhaug ved sidan av sorteringsanlegget, seier vakthavande brannsjef i Setesdal brannvesen, Egil Kvitne til NRK.

Fleire forbipasserande ringde brannvesenet søndag føremiddag, då dei såg flammar på området.

– Det er søppel som ikkje er sortert. Det brann og small godt, seier Svein Egil Syrtveit som var ein av dei som varsla brannvesenet om brannen.

Brannvesenet vart varsla om brannen like før klokka 10. Kring ein time seinare var brannen sløkt.

– Det er restavfall som har brent. Vi fekk greitt kontroll då vi kom fram. Men det var avgjerande at vi kunne bruke ei gravemaskin for å flytte på søppelet, slik at vi kom til med vatn, seier Kvitne.

Brannvesenet hadde eit mannskap på ti på staden. Årsaka til brannen er førebels ikkje kjent.

Søppelbrann på Evje

Det var mykje røyk frå brannen på søppelfyllinga.

Foto: Svein Egil Syrtveit