Den nye styreleiaren for Rikshospitalet, Steinar Martinsen, seier til Fædrelandsvennen at Spesialsykehuset for Rehabilitering i Kristiansand skal bestå. Men han har ingen lovnader om mindre strenge sparekrav.
Sjukehusdirektør Jørn E. Jacobsen er glad for signala frå Martinsen, men har framleis inga aning om korleis dei skal klare å spare 37 millioner kroner utan å legge ned.
- Situasjonen er litt uoversiktleg og like uavklart, seier han til NRK Sørlandet.
- Men når styreleiaren seier det ikkje vert nedlegging, så vert det vel ikkje det.