NRK Meny
Normal

Full forvirring kring riksveg 9 i statsbudsjettet

Det var full forvirring kring om regjeringa løyvde pengar til riksveg 9 i statsbudsjettet, eller ikkje. Så kom Frp-politikar med gladmeldinga.

Bjørgulv Sverdrup Lund og Ingebjørg Godskesen

Fylkesordførar i Aust-Agder Bjørgulv Sverdrup Lund (H) og stortingsrepresentant Ingebjørg Godskesen (Frp) gav kvarandre ein klem på pressekonferansen i Arendal.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

rebus0408

Regjeringa føreslår 25 millionar kroner til utbygging av riksveg 9.

Foto: Sundsdal, Svein / NRK

Regjeringa skreiv i sitt budsjettforslag at det var lagt til grunn lokalt tilskot til vidare utbygging av riksveg 9 i Setesdal.

NRK var i kontakt med fleire politikarar, men ingen kunne svare på om det var sett av pengar til utbygging eller ikkje.

NRK var også i kontakt med Statens vegvesen, som også tolka meldinga som at det ikkje var sett av pengar.

Kom med gladmelding

Men på ein pressekonferanse i Arendal i ettermiddag kom meldinga om at regjeringa vil løyve pengar til utbygging av riksveg 9.

Stortingsrepresentant Ingebjørg Godskesen la all tvil til side, og fortalde at det er sett av 25 millionar kroner til vegbygginga neste år.

– Pengane er der. Det har samferdsleministeren forsikra om. Dei er ein del av ein fellespott, som vegstellet har fått, seier Godskesen til NRK.

– Er vegstellet instruert om at pengane skal brukast på riksveg 9?

– Ja, svarar Godskesen.

– Kva no med den vidare utbygginga av riksveg 9?

– Eg tek det som sjølvsagt at dette vert følgt opp. Det er inngått ei avtale, seier ho.

Måtte kjempe for pengane

Stortingsrepresentant Svein Harberg (H) hevdar at dei har jobba knallhardt for å skaffe pengane.

– Vi har nærast sprunge ned dørene for å få ordna dette. Det er bra at det no er i orden, seier Harberg.

Vegmillionane får fylkesordførar i Aust-Agder, Bjørgulv Sverdrup Lund til å juble.

– Dette er veldig gledeleg og positivt. Det var prikken over i-en, seier fylkesordførar Bjørgulv S. Lund til NRK.

Det er strekninga Sandnes – Harstadberg sør for Valle sentrum, som no står for tur på riksveg 9. Arkeologiske undersøkingar går føre seg allereie.

Nøgd

Tarald Myrum

Ordførar Tarald Myrum er nøgd med pengane.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Ein annan som er nøgd er ordførar i Valle og leiar av Setesdals regionråd, Tarald Myrum. Han meiner at riksvegen kan fullførast i 2023. Dette er første strekning som nå skal gjerast ferdig. Den er 5,2 kilometer lang.

– Vegen blir breiare og sikrare. Det blir vesentleg betre trafikktryggingstiltak for skulebarn, seier Myrum til NRK.