Hopp til innhold

Fryktar mykje nedbør og jordras: – Vi er i full beredskap

NVE følgjer situasjonen tett etter at det er varsla store nedbørsmengde og stor rasfare i heile Sør-Norge denne helga. Aust-Agder er eitt av fylka som kan bli sterkt råka.

Flom

Det er meldt store nedbørsmengde i heile Sør-Norge denne helga.

Foto: NRK

– Vi vil kunne gje råd til kommunar dersom det er spesielle stader det vil komme mykje nedbør. Vi vil kunne gje råd i forhold til evakuering eller råd til tiltak, seier regiondirektør i NVE Anne Cathrine Sverdrup til NRK.

NVE melder at det er venta ein flaum på storleik mellom fem og ein 50-årsflaum. Det betyr at faren for jordras kan bli stor enkelte stader.

– Det er viktig å gjere tiltak for å styre vatnet riktig. Folk må vere obs på grøfter, riser og reingjere desse. Det er det viktigaste førebyggjande tiltaket, seier Sverdrup.

I Hedmark er det allereie flaum og ein campingplass står mellom anna under vatn i Trysil.

Regiondirektøren fryktar store nedbørsmengde vil føre til flaum også på Sørlandet.

– Det kan bli utfordringar i mindre vassdrag som flyt mykje meir over enn dei vanlegvis gjer. Vatnet vil kunne gå på uvanlege stader. Det er kanskje den største utfordringa vi har, seier ho.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %