Hopp til innhold

Fryktar ungdommar vil droppe skiskyting

Snømangel gjer at dei mange skiskyttarane i Birkenes må trene på rulleski. Leiaren i idrettslaget fryktar snømangelen kan gå utover rekrutteringa.

Skiskytterblink

Skiskyttarane i Birkenes må trene på rulleski på grunna snømangel.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Forholda er begredelege for dei som ynskjer å drive på med ski og trening, seier leiar i Birkenes Idrettslag Oddvar Glidje til NRK.

Idrettslaget har opp mot 40 aktive skiskyttarar i ulike aldrar. Snømangelen gjer at dei unge håpfulle skiskyttarane må trene på rulleski, eller ta turen til Høgås på Evje, som betyr ein times biltur kvar veg.

Fryktar fråfall

No fryktar idrettsleiaren reprise frå slutten av 80-åra der snømangel gjennom fleire sesongar gjekk utover rekrutteringa.

– Vi mista veldig mange utøvarar og interesse. Dersom vi berre kan gå på rulleski eller må køyre langt for å trene er det naturleg at dei unge vil halde på med noko anna, seier han.

For to år sidan investerte idrettslaget i ei ny trakkemaskin, som skulle gje endå betre skiløyper. Den står no ubrukt. For to år sidan kom også nye løyper på plass.

– Vi kan køyre til Høgås for å gå på ski. Men dersom vi skal skyte i tillegg må vi til Åseral. Så ski og skyting er ein dårleg kombinasjon akkurat no, seier han.

Tidlegare denne veka fortalde NRK at 2014 var det varmaste året nokosinne. Temperaturen i Norge var 2,23 grader over normalen, ifølgje Meteorologisk institutt. Det betyr at den førre rekorden frå 2011 vart slegen med 0,4 grader.

(Artikkelen held fram under videoen)

Nå en gledelig nyhet for deg som ser fram til skiturer i vinter. For, løypenettet mellom Froland og Birkenes har nå fått en betydelig oppgradering.

Sjå reportasje om dei nye løypene i Froland og Birkenes frå 2012.

Kryssar fingrane

Lars Helge Birkeland

Lars Helge Birkeland.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Men idrettsleiaren håpar at snøen vil komme og gje gode treningsforhold for skiløparane i kommunen.

– Vi har jo hatt to supre vintrar dei siste åra. Snøen kom seint i fjor, men det kom mykje til slutt. Får vi snø i løpet av januar gløymer vi lett at det har vore bart i desember og i jula, seier han.

Lars Helge Birkeland frå Birkenes jaktar VM-plass og var heime på Sørlandet i jula. Ifølgje Glidje fekk Birkeland og landslagssambuar Fanny Welle-Strand Horn trent på snø medan dei var på Sørlandet.

– Han var ein del på hytta i Åseral og har hatt gode forhold der, seier Glidje.

De 15 varmeste årene i Norge siden 1900

År

Temperatur

2014

2,23

2011

1,83

1990

1,81

2006

1,78

1934

1,76

1938

1,72

1989

1,57

2000

1,57

1930

1,44

1953

1,44

2005

1,42

2008

1,36

2004

1,34

2003

1,29

2007

1,26

Ekspander/minimer faktaboks

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %