Hopp til innhold

Fryktar skulenedlegging vil knekke volleyballmiljø

Eldsjelene i volleyballmiljøet i Åmli fryktar at idretten vert knekt dersom den vidaregåande skulen vert lagt ned.

Om den videregående skolen i Åmli blir lagt ned - kan det også bety slutten for det store volleyball-miljøet i bygda.

VIDEO: Jostein Olimstad og Jetmund Berntsen i Dristug fryktar for framtida til volleyballen i Åmli, dersom den vidaregåande skulen i bygda vert lagt ned.

– Eg vil seie at det går mot ei styrt avvikling av den fremste volleyballbygda vi har i landet, seier trenar i Dristug Jetmund Berntsen til NRK.

Eit utval i Aust-Agder fylkeskommune har føreslått å leggje ned den vidaregåande skulen i Åmli. Torsdag kveld markerte kring 700 menneske motstand mot forslaget i eit fakkeltog.

– Forferdeleg trist

Berntsen har sjølv spelt 50 kampar på norske landslag, aldersbestemt og A-landslag. Han har også spelt ei rekkje år i norsk eliteserie. I 1994 flytta han frå Naustdal på Vestlandet til Åmli.

– Eg såg kompetansen dei hadde her. Eg har bidrege som spelar og no har eg lyst til å bidra som trenar. Det er forferdeleg trist å ikkje kunne fullføre det vi er i gang med, seier han.

Juniorlaget til Dristug har teke NM-gull to år på rad på gutesida. Dersom den vidaregåande skulen vert lagt ned vil det aldri skje igjen, trur Berntsen. Det vil også bli vanskeleg å få eit godt A-lag, meiner han.

– Skulen er ein viktig rekrutteringsarena. Viss vi ikkje får behalde skulen vil det bli særs vanskeleg å hente tilbake 25-åringar, som har flytta ut frå bygda som 15-åringar, seier han.

Jetmuind Berntsen

Jetmund Berntsen står på området der den nye sandvolleyballhallen er tenkt.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Toppspelarar vil til Åmli

Det er planar om å byggje ein innandørs sandvolleyballhall i bygda. Ved ei skulenedlegging kan dei truleg sjå langt etter denne.

– Det er klart at fasilitetane er viktige. Ikkje berre for spelarane, men dei vil trekkje anna kompetanse også. Det er attraktivt for trenarar og spelarar, seier Dristug-trenar og trenar på det norske sandvolleyball-landslaget Jostein Olimstad.

Trenaren seier at han kjenner mange volleyballtalent som ynskjer å flytte til Åmli for å satse, dersom hallen blir ein realitet.

– Det vil bli den beste hallen i Norge. Eg veit om fleire som seier dei vil flytte til Åmli den dagen den står på plass, seier han.

– Så toppspelarar i Norge kan komme til å flytte til Åmli?

– Det trur eg absolutt, seier han.

Åmli videregående skole vil gi et unikt sandvolleyballtilbud, og planlegger et gigantisk sandvolleyballanlegg med både innendørs og utendørs baner.

VIDEO: Planane om ein sandvolleyballhall i Åmli vart presentert i 2011.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %