– Eg håpar ikkje vi når eit slikt tal, men vi er nær, seier UP-leiar i Agder og Telemark, Øystein Krogstad til NRK.
I 2013 vart det skrive ut 230 forenkla førelegg for høg fart gjennom påska. Til no i påska har altså 175 førarar blitt tekne over fartsgrensa på Sørlandet.
UP har kontroller både på riksvei 9, E39 og E18 2. påskedag.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKBerre onsdag før påske vart det skrive ut 100 fartsbøter.
Til no har UP drege inn 13 førarkort gjennom påska.
Rekord i fjor
– I fjor tok vi inn 20 førarkort. Det var rekordmange. Eg håpar ikkje vi når eit slikt tal i år. Det er ikkje hyggeleg å gjere påsketuristane til fotturistar, seier han.
2. påskedag er den store heimreisedagen etter påskeferien.
UP vil ha kontrollar både på riksveg 9, E39 og E18.
– Folk må ikkje bli overraska om dei ser oss. Eg kan ikkje anna enn å le når folk blir tekne på den same plassen to år på rad. Det har skjedd i år igjen, seier Krogstad.
148 km/t i 100-sone
Den hissigaste sjåføren vart stoppa på E18 i Lillesand søndag. Ein 23 år gammal mann vart teken i 148 km/t i 100-sona.
– Vi har ikkje hatt ekstreme tilfelle i år heldigvis. 148 km/t er dessverre ikkje uvanleg på E18, men det er vel det verste tilfelle så langt denne påska, seier han.
Trass i at mange har blitt nokre tusenlappar fattigare etter å ha blitt tekne i fartskontroll klarer dei aller fleste å oppføre seg i trafikken.
– 98 prosent oppfører seg fint og køyrer som dei skal. Då er det ekstra irriterande at enkelte ikkje klarer det, seier UP-leiaren.
Ingen tekne for promille i Agder
I tillegg til fartskontrollar har UP hatt ei rekkje promillekontrollar gjennom påska. Ingen førarar har blitt tekne for promille i ein ordinær promillekontroll.
– Det er veldig bra og gledeleg. Vi har blant anna kontrollert veldig mange på Hovden, seier han.
I UP-region Agder og Sør-Aust, som omfattar både Agder-fylka, Telemark, Vestfold og Buskerud er berre fire førar tekne for ruskøyring i promillekontrollar.
No førebur Krogstad seg på ein lang dag.
– Erfaringsmessig blir det mange timar på vegen i dag. Det berre å få i seg ein god frukost og sette i gang, seier han.
UP har kontrollert flere hundre bilførere for promille i påska.
Foto: arkiv / NRK