NRK Meny
Normal

Fryktar ny Kjevik-veg kan bli sett på vent

Kristiansand-ordførar Harald Furre ber vegdirektør Terje Moe Gustavsen avklare kva som skjer med ny veg til Kjevik.

Ny vegtrasè til Kjevik

Her skal den nye vegen til Kjevik gå. Når bygging startar er framleis i det blå.

Foto: Kjell Inge Søreide/Statens vegvesen

– Vi er usikre på korleis dette blir. I tidlegare planar har det vore eit eige prosjekt. No ligg det innan ei ramme for oppgradering av fylkesvegar og riksvegar. Kva som er konsekvensen av det, er litt usikkert, seier Furre til NRK.

Ein ny veg til Kristiansand lufthavn Kjevik har vore eit stort ønske i lang tid.

Men framleis er ikkje spaden sett i jorda. Nasjonal Transportplan, som vart lagt fram i april, gav heller ingen klare svar.

Det vil ordføraren ha av vegdirektøren.

Harald Furre

Kristiansand-ordførar Harald Furre ber om svar på kva som skjer med ny veg til Kjevik.

Foto: Line Haus / NRK

Vil ha dialog

– Det er vegdirektøren som skal avgjere dette. Det skal ikkje behandlast politisk. Difor er det viktig for oss å få ein dialog for å sikre at Kjevikveien kjem høgt opp i tråd med føringane frå Stortinget, og at vi får ei heilskapleg utbygging, seier Furre.

– Kvifor er dette så viktig å få på plass no?

– Å få ny veg frå Timeneskrysset til Kjevik er viktig både av omsyn til å komme raskt til flyplassen og dermed styrke Kjevik som flyplass. Men også av omsyn til miljøet på Hamresanden og så vidare, seier han.

Kristiansand lufthavn Kjevik

Det er framleis uvisst når ein ny veg til Kjevik blir bygd.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Kan gå raskt

Ordføraren meiner det er brei politisk semje om kor viktig vegen er.

Likevel fryktar han at den nye vegen kan bli sett på vent.

– Eg ynskjer at vegen skal byggast i tråd med reguleringsplanen som er i ferd med å bli vedteke, i ei strekning, seier han.

– Når kan bygginga komme i gang?

– Det har eg ikkje heilt oversikt over, men planlegginga er komme langt. Så dersom ein får pengar, skal det ikkje gå så lang tid før ein kan setje spaden i jorda, seier ordføraren.