Hopp til innhold

Fryktar masseoppseiing på asylmottak

Norges nest største driftsoperatør av asylmottak fryktar ei halvering av arbeidsstokken i løpet av det neste halve året.

Morten Jørgensen Link AS

Morten Jørgensen er styreleiar i Link AS, som driv mange asylmottak.

Foto: Anne Wirsching / NRK

– For oss ser det rett og slett ut som det kjem ein massakre av nedlegging blant flyktningmottaka det neste halve året, seier styreleiar i Link, Morten Jørgensen.

Dei driv ei rekkje asylmottak og har i dag kring 500 tilsette.

Nye prognosar viser at det truleg kjem nær 11 000 asylsøkjarar til Norge i løpet av 2016.

Det er 14 000 lågare enn kva som vart lagt til grunn i samband med revidert nasjonalbudsjett.

– Vil få konsekvensar

– Det er klart vi blir råka. Men vi har ingen grunn til å klage slik sett. Vi jobbar i ein marknad som går opp og ned, seier han.

– Det er alltid synd for dei som vel å satse på ein jobb her og som får så kort og uføreseieleg drift, seier Jørgensen.

Vidar Torheim

Vidar Torheim er driftsdirektør i Hero Norge.

Foto: Rolf Jakobsen/NRK

Hero Norge, som er den største driftsoperatøren av asylmottak i landet, vedgår at hausten kan by på utfordringar.

– Det er uføreseieleg. Vi held oss til UDI sine vurderingar. Men dersom det ikkje blir noko auke i innkomst vil det få konsekvensar, seier driftsdirektør Vidar Torheim.

– Ting kan snu

Hero Norge har kring 1400 tilsette på asylmottak over heile landet i dag.

– Ting kan snu slik at situasjonen endrar seg. Det er vanskeleg å seie noko sikkert om korleis dei neste månadene blir, seier Torheim.

– Det burde vere mogleg å finne eit system som gjer ting meir føreseieleg, meiner Jørgensen i Link.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %