Hopp til innhold

Fryktar kaos under konsert med ungepikeidol

Popfenomenet Marcus og Martinus held ikveld ein 45 minutts lang konsert på Skalldyrfestivalen i Mandal. Festivalen har leigd inn 100 vakter, og håper å unngå kaos.

Marcus

Torsdag kveld står Trofors-tvillingane Marcus og Martinus på scenen under Skalldyrfestivalen i Mandal.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Torsdag går startskotet for Skalldyrfestivalen i Mandal, og festivalen startar med det som truleg er dei mest populære ungpikeidola i nasjonen.

Når Trofors-tvillingane Marcus og Martinus inntek scenen torsdag kveld, forventar arrangørane nærare 10 000 hylande publikumarar.

Marcus og Martinus

Her held duoen konsert ved ei anna anledning.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Festivalsjef Jan Rune Eriksen seier han trur dei har det meste under kontroll.

– Vi har kontroll, og Mandal er klar for fest!

Dei to 14-åringane har blitt så populære at fleire arrangørar har måtte avlyse konsertar av sikkerheitsomsyn.

– Kom i god tid

Festivalsjefen er førebudd på kaostilstandar.

– Lite visste vi om kor stort det ville bli då vi booka desse gutane for snart eitt år sidan. Vi har ekstra bemanning, og folk som skal dirigere trafikken. Så bodskapen min er at folk må kome i god tid.

Politistasjonssjef i Mandal, Leif Vagle, seier det er sett i stand omfattande tiltak i samband med arrangementet.

– Vi har forsterka vakthaldet frå politiets side, i tillegg til frå andre aktørar. Til sjølve arrangementet blir det rundt 100 vakter i alt, både frå vaktselskapet som er engasjert, politi og andre frivillige lag og foreiningar.

Vagle seier foreldre som sender borna sine på konsert ikkje treng å vere bekymra.

– Det er eit veldig bra opplegg som er laga av festivalen, kommunen og politiet nettopp for at vi skal kunne forsikre dei som sender borna sine til dette arrangementet om at dei kan vere trygge på at dette skal gå i ordna former.

Leif Vagle

Politistasjonssjef i Mandal, Leif Vagle, håper det ikkje vil bli kaos i Mandal under konserten torsdag kveld.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Trur vi unngår kaos

Vagle trur den største utfordringa vil vere all trafikken inn til Mandal.

– Det er ein del trafikkdirigering undervegs, og for første gang vil ein sjå politibetjentar stå i fleire kryss å dirigere trafikken. Viss ein følgjer skiltinga, parkerer der det er anvist og er ute i god tid så trur eg vi unngår kaos.

Arealet som er sett av til konserten har kapasitet til fleire enn 10 000 publikumarar, men politiet har sett ei avgrensing for at publikumarane skal ha litt armerom.

Aldersgrensa for å kome åleine er tolv år. Festivalsjef Jan Rune Eriksen seier dei har lagt til rette for at det skal bli ei god konsertoppleving for folk i alle aldrar.

– Ein grasplen like ved scenen er tilrettelagt for dei aller minste som kjem med føresette.

For skuelystne som vil oppsøkje Marcus og Martinus etter konserten opplyser Eriksen at grunna eit stramt tidsskjema så reiser gutane vidare til Trondheim etter konsertslutt.

Marcus og Martinus

Trofors-tvillingane trekk fleire tusen hylande fans til kvar konsert.

Foto: Helge Bull-Engelstad / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %