NRK Meny
Normal

Fryktar Haslum sparar sine beste

ØIF Arendal-spelar Knut Martin Johnsen trur det blir vanskeleg for arendalittane å gå vidare til semifinalen i sluttspelet.

Knut Martin Johnsen, ØIF Arendal
Foto: Sander Heggheim/NRK

– Haslum skal normalt slå Fyllingen, men i og med at dei allereie er klar for semifinale kan det skje at dei sparar dei beste spelarane. Det har dei gjort tidlegare i slutten av serien. Så det kan vere at Fyllingen får ein lettare kamp enn dei normalt ville ha gjort, seier Johnsen til NRK.no.

ØIF Arendal ligg eitt poeng bak bergensarane før kveldens siste kamp i gruppespelet i sluttspelet. Det betyr altså at ØIF må slå Nøtterøy på bortebane, samstundes som at Fyllingen må tape mot Haslum.

– Vi må først og fremst fokusere på oss sjølve. Vi må vinne for å ha nokon som helst sjanse for å gå vidare. De hjelper lite om vi får hjelp frå Haslum om vi ikkje klarar å gjere jobben sjølv, seier han.

Sørlendingane har hatt store problem med å slå antatt svakare motstand denne sesongen. Laget tapte blant anna mot Sandefjord som rykte ned til 1. divisjon.

– Vi må sørgje for at vi held kampen ut og at vi opparbeider oss ei solid leiing tidleg. Vi har litt å bevise. Det kan vere den siste kampen vi spelar i år. Då er det ålreit å levere ein god kamp, seier Johnsen.

– Det er berre å brette opp ermane og trøkke til i alle duellane. Vi skal normalt vere betre enn dei, men det blir ikkje nokon enkel kamp, seier han.