Hopp til innhold

Fryktar at Norge kan gå glipp av dei beste forskarane

Utsendinga av to forskarar ved Universitetet i Agder (UiA) kan få konsekvensar for forskingsmiljøet i Norge. Det trur president i fagforeininga Tekna.

Tekna-president Lise Lyngsnes Randeberg

Lise Lyngsnes Randeberg er professor ved NTNU og president i fagforeininga Tekna.

Foto: NRK

Fagforeiningsleiaren fryktar at forskarar kan velje bort Norge i framtida.

– Dersom ein får mange slike saker, og spesielt om dei verkar å vere grunnlause, vil det vere eit problem, seier Lise Lyngsnes Randeberg til NRK.

Ho er også professor ved NTNU.

Ein kinesisk statsborgar, som var stipendiat i tre år og ein professor med europeisk statsborgarskap er utvist frå Norge. Professoren var rettleiar for stipendiaten i vindmøllekraft.

Nektar for skuldingane

Bakgrunnen er at norske styresmakter fryktar at kompetansen til forskarane kan brukast til militære formål i andre land.

Etter det NRK forstår handlar det om at dei kan ha tileigna seg kunnskap som kan brukast til utvikling av missil.

Begge har forlete landet, men nektar for skuldingane. Professoren jobbar framleis for Universitetet i Agder.

Universitetet i Agder er overraska over utsendinga og meiner det ikkje er grunnlag for utsending.

To forskere ved Universitetet i Agder er utvist fra Norge. Norske myndigheter mener de kan være en fare for rikets sikkerhet.

Sjå reportasje om dei forskarane som er sende ut av landet.

Etterlyser informasjon frå PST

Professor Lyngsnes Randeberg spekulerer i at dei to kan ha drive med noko ved sidan av eiga forsking.

– Dersom det er i strid med norsk lov og universitetet sine reglar, må PST la universitetet få vite kva som er problemet. Då er det jo grunnlag for oppseiing. Slik eg forstår det har dei ikkje tenkt å seie dei opp, seier ho.

Advokatane til dei to forskarane har ikkje fått fullt innsyn i i grunnlaget for utvisinga, fordi det er hemmelegstempla.

– Generelt stolar vi på PST sine vurderingar og at dei gjer ei korrekt vurdering, og at dei har god dokumentasjon for det dei vel å gå for. Men vi veit også at det ikkje er snakk om nye forskarar, som er nytilsett ved institusjonen, seier ho.

Vil ikkje kommentere

Lyngsnes Randeberg peikar på at alle nye forskarar som vert tilsett vert undersøkt grundig.

– I alle fall når ein skal jobbe innan fagområde som er definert å kunne vere problematisk i forhold til militærteknologi eller våpenteknologi viss ein kjem frå enkelte land, seier ho.

Justisdepartementet vil ikkje kommentere enkeltsaker, men uttalar at «det er viktig å motverke faren for at visse statar og terroristar skal tileigne seg og bruke masseøydeleggingsvåpen».

Høyr radiointervju med Lise Lyngsnes Randeberg, som er president i fagforeininga Tekna.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %