Hopp til innhold

Norges største dyrepark fryktar å bli stengt inne

Norges største fornøyelsespark er redd for at bustad- og vegbygging vil føre til plassmangel i framtida. Dyreparken i Kristiansand påpeikar også at nye bustadområde kan bli plaga av dårleg lukt frå parken.

Dyreparken i Kristiansand

Dyreparken i Kristiansand er redd vegbygging vil avgrense moglegheitene for utbygging i framtida. No har dei sendt eit brev til Statens vegvesen der dei påpeikar utfordringane parken står overfor dersom ny veg til Kristiansand lufthavn Kjevik går tett innpå parken.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Dyreparken har sendt eit brev med ni punkt til Statens vegvesen. Bakgrunnen er planlegging av ny veg til Kristiansand lufthavn Kjevik, i tillegg til utbygging av nye bustadområde i nærleiken av parken.

– Dyredelen av Dyreparken ligg i den sørvestlege delen. Vår utvidingsmoglegheit for dyredelen av parken er der, seier konsernsjef i Dyreparken, Reidar Fuglestad til NRK.

– Vil ikkje bli ete opp

– Vi er opptekne av at den sona vi har der ikkje skal bli ete opp av ei stor rundkøyring, eller ein stor firefeltsveg. Det vil hindre vår utvikling, seier han.

Den nye vegen til Kristiansand lufthavn Kjevik kan altså få avkøyrsle frå E18 like ved Dyreparken.

Den nye vegen kan gjere det vanskeleg for parken å utvide. I tillegg påpeikar konsernsjefen at nye bustader i område kan oppleve «plager» frå Dyreparken.

– Husstandane kan oppleve luktplager frå Dyreparken. Samstundes vil det vere ei utfordring frå Dyreparken med mykje støy frå vegen som passerer forbi, seier Fuglestad.

Han påpeikar også at Dyreparken har nattshow til klokka 01.00 og at dette kan skape utfordringar knytt til nye bustader i området.

– Dersom bustader vert lagt opp til grensa av Dyreparken, må det vere utbyggjar sitt ansvar å sørgje for støydemping, skriv parken i brevet til vegvesenet.

Vil ha full oversikt

Prosjektleiar Asbjørn Heierås i Statens vegvesen, påpeikar at ingenting er bestemt for den nye vegen.

– I første omgang skal vi få oversikt over alle moglege konsekvensar traseane kan ha. Også for Dyreparken, slik at vi kan ta omsyn til det i konsekvensutredninga vi er i gang med, seier han.

– Vil de ta omsyn til Dyreparken?

– Det kan vi ikkje seie noko om no. Det er det vi skal jobbe med det næraste året. Kva konsekvensar vegen vil ha og setje konsekvensane opp mot kvarandre, seier Heierås.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %