– Vi nærmar oss 10 000 kroner per innbyggjar i gjeld frå fylkeskommunen si side. Dersom dei fire kommunane går gå over, vil det då skje ei regulering i forhold til gjelda, slik at Vest-Agder tek over den forholdsmessige andelen, spurte Arbeiderpartiets Tellef Inge Mørland i fylkestinget.
– Eller vil det vere forhandlingar? Dersom ikkje vil det bli ekstra tungt for det som er att av Aust-Agder å bere, seier Mørland.
– Vil bli meir krevjande
Tysdag vart fylkestinget orientert om at gjelda til Aust-Agder stig kraftig. Mørland bad fylkesrådmannen om svar.
– Vi veit ikkje særleg mykje rundt dette. Normalt plar det vere ei type overdraging som finn stad ved den typen justering. Då vil Vest-Agder overta verksemda med dei rettar og plikter som følgjer dette, seier assisterande fylkesrådmann John G. Bergh.
Dei fire kommunane i Aust-Agder som har søkt om å få byte fylke til Vest-Agder vil få svar frå departementet før jul. Det er grensekommunane Evje og Hornnes, Iveland, Birkenes og Lillesand som har søkt om overgang til Vest-Agder.
- LES: Trur ikkje på fylkesbytte
– Dersom dette skulle gje vil vi miste ein god del befolkning. Vi har for så vidt sagt at det blir meir krevjande å drive Aust-Agder fylkeskommune med eit lågare grunnlag, seier han.
– Vi må sjå på dette når det eventuelt kjem opp og kva føringar som ligg frå staten si side. Dersom det skjer trur eg vi står overfor ein meir krevjande situasjon enn det som er gjort greie for i denne planen, seier Bergh.
John G. Bergh stadfestar at det blir meir utfordrande å drive fylkeskommunen dersom grensekommunane får byte fylke til Vest-Agder.
Foto: Svein Sundsdal/NRKKan miste 20 000 innbyggjarar
Fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund seier at økonomispørsmål ikkje har vore framme i fylkesbyttedebatten i stor grad så langt.
– Det er kanskje ikkje tenkt å mykje på no i debatten. Men dersom til dømes Møglestø skole som ligg i Lillesand vert overført til Vest-Agder, er det kanskje fleire hundre millionar kroner som er brukt i Aust-Agder, men som vert liggjande i Vest-Agder, seier Sverdrup Lund til NRK.no.
Bjørgulv Sverdrup Lund
Foto: Svein Sundsdal/NRK– Då må gjelda følgje med?
– Det må ein ta ei avrekning på, seier fylkesordføraren.
- LES: Fryktar et minifylke
Dersom grensekommunane får ja til overflytting betyr det at Aust-Agder går frå 110 000 innbyggjarar til kring 90 000.
– Det er klart at det vil bety ein meir alvorleg situasjon for Aust-Agder dersom vi skal betene den same gjelda, men med 20 000 færre innbyggjarar og betydeleg reduserte overføringar frå staten, seier Tellef Inge Mørland.