UROA: Riita-Liisa Koskela fryktar at til dømes heimehjelparar vil bli overvaka på jobb i framtida.
Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRK– Eg trur at veldig mange vil føle seg utrygge og sjå seg rundt og tenke «blir eg overvaka». Det blir ein veldig spesiell arbeidssituasjon, seier hovudtillitsvald Riita-Liisa Koskela i Fagforbundet i Kristiansand til NRK.no.
Det var onsdag det kom fram at ein mann brukte skjult kamera for å avsløre tjuveri hos svigermora si. Bakgrunnen var at familien hadde mistanke om at det forsvann pengar frå lommeboka hennar.
Mista jobben
På videobileta ser du tydeleg at personane rotar i veska til kvinna og tek med seg pengar. Nærare 4000 kroner skal vere borte. To heimehjelparar mista jobben. No fryktar Koskela at fleire får den same idéen.
– Vi er veldig skeptiske til det. Dette er arbeidsplassen til offentleg tilsette. Dei må iallefall vite at dei vert overvaka. Det skal ikkje vere hemmeleg, meiner Koskela.
Ho vedgår at uærlege helsearbeidarar enkelt kan stele frå eldre.
– Det er jo veldig lett. Om det er privat heim eller på ein sjukeheim ligg jo tinga der, og dei eldre kan jo ikkje passe på heile tida, seier Koskela.
AVSLØRT: Ein annan heimehjelpar bøyer seg ned i veska til den eldre kvinna og tek pengar.
Foto: PrivatMisbruk av teknologien
Også Datatilsynet er uroa for bruk av skjult kamera. Informasjonsdirektør Ove Skåra trur offentleg tilsette i langt større grad risikerer å bli overvaka av publikum i framtida.
– I forhold eit begrep som heiter omsorgsteknologi vil det komme mykje slik teknologi inn i bustaden. Her vil også kamera vere ein del av det i tillegg til ulike typar sensorteknologi. Privatbustader vil også i større grad ha kamera, seier Skåra.
KRITISK: Ove Skåra i Datatilsynet er kritisk til bruk av skjult kamera.
Foto: Roald, Berit / SCANPIXSkåra fryktar at mange vil misbruke teknologien. Til dømes er det enkelt å ta opp både video og lyd frå ei telefonsamtale utan at den du snakkar med veit om det.
– Mange dokumenterer ei kvar hending i våre liv. Men ein skal vere litt forsiktig. Skal straffelova komme inn, det er ikkje berre personvernopplysningslova her, seier han.
– Privat område
– Dersom ein tek opp ting som er privat i hensyn til den andre, skal ein vere ytterst forsiktig med kva ein brukar det til, seier Skåra.
Informasjonsdirektøren etterlyser også strengare reglar for skjulte opptak av lyd og levande bilete.
– I stor grad kan privatpersonen og publikum seie at dette var lovleg fordi det er på privat område. Dei kan seie at dei sjølv var med på samtalen når det vart teke opp og det er dermed ikkje ulovleg, seier han.
– Den offentleg tilsette på motsett side ikkje på same måten har lov til å dokumentere ved kameraovervaking eller opp tak i den situasjonen, for det er det lover og reglar som regulerer, seier Skåra.
Har ikkje tru på vandelsattest
– Difor trur eg kanskje ein etterkvart må sjå på regulering også av kva ein kan gjere for private formål, seier han.
Riita-Liisa Koskela i Arbeidstilsynet er klar på at ho ikkje har tru på verken vandelsattest eller kameraovervaking.
– Eg tenkjer at det ikkje skal vere naudsynt å bli overvaka når du er på jobb. Du skal utføre jobben din uansett. Du tek ikkje noko som ikkje er ditt. Det er sjølvsagt eigentleg, seier Koskela.