NRK Meny
Normal

Frp vil ha valfritt sidemål

Aust-Agder FpU og Grimstad Framstegsparti vil ha valfritt sidemål i vidaregåande skular. No føresler Lene Langemyr i partiet ei prøveordning i Aust-Agder.

VALFRITT: Aust-Agder FpU og Grimstad Framstegsparti vil ha ei prøveordning med valfritt sidemål i Aust-Agder.

Foto: Scanpix

– Det er på tide at elevane får velje sjølve. Framstegspartiet er av den oppfatning at det å ha obligatorisk sidemålseksamen ikkje er til elevane sitt beste, seier Lene Langemyr i Grimstad Frp i ei pressemelding.

Prøveprosjekt

Ho oppmodar no eige parti om å fremje sak på Fylkestinget om ei prøveordning i Aust-Agder.

LES OGSÅ: Bare 1 av 4 mener sidemål er viktig
LES OGSÅ: Nynorsk på sterk retur i skolen

– Vi gjennomførte eit prøveprosjekt i ni Oslo-kommunar over ein treårsperiode. Sluttrapporten ga eintydig positive resultat om at det vart betre karakterar og elevane fekk ei meir positiv haldning til sidemål, seier ho.

– Rapporten seier også at elevane vil lære og bli kjend med nynorsk, men ikkje ha eksamen i dette, seier ho.

– Øydelegg snittet

Formann i Aust-Agder FpU, Jan Erik Buarøy, støttar partikollegaen, og vil ha saka opp i Fylkestinget.

LES OGSÅ: Lærer starter parti mot nynorsk
LES OGSÅ: Nynorsk lett eller vanskeleg?
LES OGSÅ: Trosser folkeviljen - bokmål i Åmli

– Det bør vere av tverrpolitisk interesse at elevane går ut av skulen med best mogleg karakterar. FpU meiner at obligatorisk eksamen i sidemål er med på øydeleggje snittet til mange elevar, og kan vere med på å hindre vidare utdanning, seier han til Agderposten.

Begge vil no at Framstegspartiet skal sende ein søknad til læringssenteret med førespurnad om prøveordning basert på gjennomføring og erfaring frå hovudstaden.