– Folk i partiet har blitt dømde for seksuelle overgrep. Andre har kalla politiske motstandarar fittetryne utan å bli ekskludert. Men eg blir ekskludert for å ha ytra meg kritisk til eige parti. Det er tragikomisk seier Blikra til NRK.
Striden i Aust-Agder Frp ser ut til i alle fall ha fått ein førebels ende.
Aust-Agder Frp ekskluderte Blikra og leiar i Arendal Frp Bjørnar Solvei tidlegare denne månaden.
Skal halde kurs
Begge anka til sentralstyret, som onsdag behandla dei to ankane. Dei konkluderte med at Solvei får halde fram i partiet. Blikra er altså ferdig.
– Vi ser ingen grunn til å kommentere sakene i media anna enn at organisasjonsutvalet i løpet av første halvår vil gjennomføre eit organisasjonskurs i Aust-Agder Frp, seier leiar i Frps organisasjonsutval Helge André Njåstad i ei pressemelding.
Striden i partiet starta då Åshild Bruun-Gundersen vart partiets toppkandidat til stortingsvalet til hausten.
Då fylkestinget skulle ta stilling til samanslåing av Agder-fylka stemte ho og to andre for samanslåing, trass i at fylkespartiet sitt standpunkt var nei til samanslåing.
Vurderer å stemme Arbeidarpartiet
Både Blikra og Solvei har uttalt seg kritisk til eige parti blant anna i avisinnlegg. No vurderer han å stemme Arbeidarpartiet ved haustens val.
– Dei er i alle fall ti gonger meir seriøse enn Frp, seier han.
– Den eine fjellvettregelen heiter vel at det er ingen skam å snu. Det Frp står for når dei behandlar medlemmer er så langt utanfor. Det går berre ikkje an, seier han.
Bjørnar Solvei er glad for at han får halde fram i partiet, men seier det har vore ei tung tid.
– Det har vore slitsamt. Eg har sete i telefonen med media sidan 13. desember i fjor kvar einaste kveld. Men det har vore verd det. Eg toler ein smell, seier han.
Nytt nominasjonsmøte til helga
Til helga held partiet nytt nominasjonsmøte der dei skal peike ut toppkandidaten til stortingsvalet.
– Vi får sjå kva som skjer der, så får vi ta det vidare. Det er vanskeleg å seie kva utfallet blir. Eg trur det blir veldig spennande, seier han.
– Kva tenker du om Åshild Bruun-Gundersen vert vald på nytt?
– Vedtaket på nominasjonsmøtet bestemmer kva som skal skje. Noko meir enn det vil eg ikkje kommentere, seier han.
– Er du motivert for ein valkamp med Bruun-Gundersen som toppkandidat?
– Eg kjem til å gå til valkamp og gjere alt som er til partiets beste, seier Solvei.