Hopp til innhold

Frp-ordføraren «alle» likar

Mange meiner at ordføraren i Mandal ikkje er ein «ekte» Frp-ar. Alf Gottfred Møll seier at han ofte opplever harde kampar med eigne partifeller.

Alt Gottfred Møll

SKRYT: Ordføraren i Mandal Alt Gottfred Møll frå skryt frå mange etter å ha site som ordførar i fire år.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg tykkjer han er ein veldig hyggeleg mann og dei aller fleste likar han uansett kva parti han kjem ifrå, seier ein innbyggjar vi møtte i Mandal sentrum.

– Han har vore ein liberal Frp-ar. Veldig rund i hjørna, seier ein annan.

– Er som eg er

Alf Gottfred Møll er ein av 17 Frp-ordførarar i norske kommunar. Han er ordførar i Mandal, som var den første kommunen i Agder-fylka som har blitt styrt av ein ordførar frå Framstegspartiet.

– Eg er jo som eg er. Nokon har sagt til meg at eg er ein super liberalistisk sosialdemokrat, men eg føler at det ikkje er noko alternativ for meg, seier Møll til NRK.no.

– Eg trur det er for meg som alle, ein slit litt internt. Men slik trur eg det er i alle parti når ein får posisjonar, seier han.

Kulturhus til 260 mill.

Då Møll tok over som ordførar i 2007 varsla han folkeavstemming i fleire saker. Det har det ikkje blitt, og no har pipa fått ein annan lyd.

– Det er ikkje mange saker i kommunen som eignar seg til folkeavstemming, seier han.

– Har du gitt innspel til partiet at det kanskje kan vere på tide å endre den delen av partiprogrammet?

– Eg har gitt mange innspel til partiet i forhold til min posisjon av det eg har opplevd. Noko vert høyrt, anna vert ikkje høyrt, seier han.

Ei av dei viktigaste sakene i ordførarperioden til Møll har vore byggjing av kulturhuset Buen. Prislappen enda på 260 millionar kroner. Tidelgare ordførar i Mandal, Åse Lill Kimestad frå Arbeiderpartiet, meiner det er eit godt døme på at Møll ikkje er som alle andre Frp-politikarar.

Kulturhuset Buen i Mandal

MILLIONAR: Kulturhuset Buen kosta Mandal kommune 260 millionar kroner.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Vil halde fram

– Vi hadde ein ganske stor diskusjon rundt korleis kulturhuset skulle driftast. Då ynskte delar av Frp at dette skulle setjast ut til privat drift. Men ordføraren fekk fleire med seg på at det skulle vere kommunal drift. Det er eit døme på at det ikkje har vore drive Frp-politikk, seier Kimestad til NRK.no.

Åse Lill Kimestad (Ap)

EX-ORDFØRAR: Åse Lill Kimestad peikar blant anna på kulturhus-saka der Møll gjekk mot eige parti. (Arkivfoto)

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

Møll vedgår at han ikkje er heilt på linje med eige parti i kulturhus-saka.

– Det er vel slik for dei fleste politikarane at det ikkje er alt som stemmer heilt med partiideologien, seier han.

– Det har eg eit problem med, for eg meiner kulturtilbodet og det offentlege sitt bidrag er utruleg viktig. Det skapar igjen næringsverksemd i privat regi også vidare. Dette er ei vitaminsprøyte. For meg er det akkurat det same kva partiet seier, men som ordførar meiner eg det, seier Møll.

No håpar Frp-ordføraren som ein ny periode som ordførar i sørlandsbyen.

– Eg ynskjer å halde fram trenden. Eg trur eg har ganske mange med meg når eg seier at byen er i ei positiv utvikling. Det har aldri skjedd så mykje på nokre andre fireårsperiodar som i denne, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %