Hopp til innhold

Ung mann alvorleg skada i ulykke på E39

Åtte personar er sende sjukehus eller legevakt etter frontkollisjon på E39 i Flekkefjord. Ein 23 år gammal mann er alvorleg skada.

Ulykke på E39 i Flekkefjord

Ulykka skjedde mellom Nulandsika og Tjersland på E39 i Flekkefjord.

Foto: TOR SINDRE TJOMLID/AGDER

Mannen vart send til Stavanger universitetetssjukehus med luftambulanse. Sjukehuset opplyser til NRK at tilstanden er alvorleg, men stabil.

Ulykke på E39 i Flekkefjord

Åtte personar er sende til sjukehus eller legevakt i Flekkefjord.

Foto: TOR SINDRE TJOMLID/Agder

Dei sju andre personane får behandling på sjukehuset og legevakta i Flekkefjord.

Ulykka skjedde mellom Nulandsvika og Tjersland.

Det var redusert framkommelighet i fleire timar på grunn av ulykka. Det oppstod lange køar i begge retningar.

– Vi ber publikum halde køen slik at vi ikkje får nye ulykker, sa politiets operasjonssentral.

Var heilt stengt

Politiet opplyste også at det ville ta tid før køane vart løyst opp.

– Vestgåande trafikk vert prioritert. Politiet dirigerer trafikken forbi i puljer, men det er mykje trafikk og ein må rekne med ein del ventetid, opplyser politiet.

Ved 16.30-tida melde politiet at vegen var heilt stengt på grunn av kriminalteknisk arbeid på ulykkesstaden. Kring 40 minutt seinare vart vegen opna igjen.

Fleire ulykker

Det har vore fleire trafikkulykker på Sørlandet søndag ettermiddag.

På E18 i Arendal vart ein sivil politibil påkøyrt bakifrå. Ingen personar vart skada.

Ved 17-tida rykte naudetatane ut til Høiekleiva på riksveg 9, på grensa mellom Kristiansand og Vennesla.

To bilar skal vere involvert i ulykka, men det skal ikkje vere snakk om personskade.

Ulykke på E39 i Flekkefjord

Naudetatane er på staden.

Foto: TOR SINDRE TJOMLID/AGDER

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %