– Det er unikt i den forstand at vi har veldig lite dokumentasjon. Spesielt på upløygd mark, å sjå på tidstrender over år og få med oss biologien blir viktig. Der har vi ingen dokumentasjon og ikkje noko fakta frå skandinaviske forhold, og relativt lite elles i verda også, seier Espen Lydersen, som er professor ved Høgskolen i Telemark.
Breitt forskingsmiljø
Det er Høgskolen i Telemark som skal leie skogbrannforskinga i Froland. Men også Universiteta i Oslo og Agder skal delta.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
I tillegg kjem instituss for energiteknikk, Institutt for vannforskning og Universitet for miljø- og biovitenskap på Ås. Dermed er det eit breitt forskingsmiljø som skal gå laus på det store brannfeltet.
Kvikksølv
– Vi ser på brannen i Froland at det har blitt betydeleg surare på kort sikt, og meir giftige aluminiumsformer. Samstundes er det eit anna problem som er spennande. Det er kvikksølv, som er eit problem spesielt for Skandinavia, og spesielt kvikksølv i fisk. Det blir spennande å sjå kva eventuell effekt ein slik skogbrann har på nivåa av kvikksølv i fisk.