NRK Meny
Normal

Fritidsbåt stod i full fyr

Ingen personar kom til skade då ein fritidsbåt stod i fyll fyr ved Mones Feriesenter i Mandal.

Båtbrann i Mandal

Fritidsbåten ligg til kai ved Mones Feriesenter i Mandal.

Foto: FOTO: RITA TVEDE BARTOLOMEI/LINDESNES

Båtbrann i Mandal

Det var stor røykutvikling då det tok til å brenne i ein fritidsbåt i Mandal.

Foto: Rita Tvede Bartolomei/Lindesnes

Brannvesenet vart varsla om brannen like før klokka 16 søndag ettermiddag. Det vart meldt om stor røykutvikling på staden.

Brannvesenet fekk etterkvart kontroll over brannen. Det er førebels ikkje kjent kva som starta båtbrannen.

Ifølgje politiet var det ikkje folk i båten då det tok til å brenne.

Ifølgje Lindesnes Avis er båten totalskada. Den er no drege inn til Monesstranda.

Utrykningsleiar i brannvesenet, Trygve Gundersen, seier til Fædrelandsvennen at to båtar som låg i nærleiken skal ha blitt skada i brannen.

– Det dreiar seg om ein kalesje som har smelte og mindre varmeskader, seier han.

Båtbrann i Mandal

Brannvesenet jobbar for å sløkkje brannen.

Foto: RITA TVEDE BARTOLOMEI/LINDESNES