Reiser til Kongo - får sjå sonen for første gang på over fire år

2. juli set Kari Hilde French seg på flyet for å besøke sonen Joshua French og kameraten Tjostolv Moland i fengselet i Kongo.

Kari Hilde French, Joshua French, Tjostolv Moland

Kari Hilde French besøker Joshua French og Tjostolv Moland i Kongo i juli.

Foto: NTB Scanpix

– Det blir heilt utruleg. Eg veit ikkje korleis eg kjem til å reagere. Eg veit ikkje om eg kjem til å le høgt, eller om eg byrjar å gråt, seier French til NRK.

Dei to nordmennene har sete fengsla i Kongo i over fire år. Ho vedgår at ho har tenkt på å reise ned mange gongar, men det har ikkje late seg gjere før no.

– Eg kjenner allereie no kor glad eg er i hjartet, fortel mora til Joshua French.

Vil møte presidenten

Målet med turen er å få direkte kontakt med president Joseph Kabila. Der er planen å overlevere minst 500 brev i ei brevkampanje som er sett i gang. I breva vert det sett fram krav om å sleppe fri dei to nordmennene.

I tillegg er det komme inn både kort og teikningar teikna av barn. Men ho vedgår at det kan bli vanskeleg å komme i direkte kontakt med presidenten.

Mathilde Moland

Mathilde Moland er glad for at Kari Hilde French reiser til Kongo.

Foto: Per Kåre Sandbakk / NRK

– Vi veit at det nærast er umogleg å få audiens hos Kabila. Så dersom vi kan få treffe nokon nær Kabila er vi veldig nøgde, seier ho.

Kari Hilde French snakka med sonen for få dagar sidan. Han er naturleg nok glad for å få besøk.

– Både han og Tjostolv var veldig glade for det. Dei er også glade for brevkampanjen. Då føler dei at dei ikkje er heilt gløymde, seier French.

Moland: – Kjempebra

Mora skal reise saman med sjømannsprest Knut Lyngseth til Kongo.

– Han har vore der nede fleire gonger, så det er veldig greitt å reise med han. Lyngseth kjenner fengselsdirektøren og andre der nede kjenner han att, seier ho.

Mor til Tjostolv Moland, Mathilde, har besøkt dei to nordmennene tre gonger i løpet av tida dei to har sete fengsla. Ho er glad for at mora no kjem på besøk.

– Det er kjempeflott for Joshua. Han har jo ikkje hatt noko besøk av sin familie så lange han har vore der nede. Det må bli kjempebra for han og samstundes vil det vere bra for Tjostolv, seier Moland til NRK.

Moland har ikkje store forhåpningar når det gjeld å få til eit møte med presidenten i landet.

– Ein kan jo håpe. Men eg trur ikkje det er veldig realistisk, men ein må jo håpe og prøve alt, seier ho.

Tjostolv Moland og Joshua French

Tjostolv Moland og Joshua French har sete fengsla i Kongo i over fire år.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Temperaturen går ned i cella

Med seg på turen vil Kari Hilde French ha både bøker, musikk og matvarer som suppeposar og potetmos. Mathilde Moland vil også sende med fleire ting.

– Eg sender med det eg brukar å gjere. Det er Tvedestrandsposten, og eventuelt andre artiklar frå lokalpressa. Så er det brev frå meg og andre i familien, seier ho.

French er no i full gang med å førebu seg på turen til Kongo. Onsdag kveld skal ho i samtalar med kontaktar i landet. Sist ho snakka med sonen var han positiv.

– Han var takksam fordi temperaturen i cella hadde gått ned til 30 grader. Alle fangane som budde i korridoren utanfor cella deira har flytta ut, slik at dei har det litt betre akkurat no, seier han.