NRK Meny
Normal

Freeman ferdig i Start

Amerikanaren vender nasa heimover, og kjem til å skrive under for ein amerikansk klubb.

Hunter Freeman

REISER HEIM: Hunter Freeman har spelt sin siste kamp i Start.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Årsaka til at Freeman er løyst frå kontrakta er sjukdom i familien.

– I januar vart mor mi kreftsjuk. Heldigvis har behandlinga vore vellukka og er difor kreftfri no. Det har vore veldig tøft for meg å følgje denne prosessen langt heimefrå, seier han til ikstart.no.

Takkar Jacobsen og Mathisen

– Det er ting i livet ein ikkje trur vil ramme ein sjølv. Familien har alltid betydd mykje for meg, og dette er årsaka til at eg har bede om å bli løyst frå kontrakta med Start, seier han.

Høgrebacken skreiv under for Start føre 2009-sesongen. Dermed fekk han to sesongar i norsk fotball før han no returnerer til USA. Freeman har spelt 51 kampar og scora to mål for klubben i eliteserien.

– Eg vil få takke Rune Jacobsen og Svein Mathisen for moglegheita til å realisere draumen min om å få spele i europeisk fotball. Eg har stortrivst i Start og Kristiansand. Både kona mi og eg tek med oss berre gode minner heim til USA, seier han til nettstaden.

Har funne ny klubb

NRK.no kjenner til at Freeman kjem til å skriv under for Houston Texas i USA. Klubben ligg nest sist i Western Conference.

– Vi seier takk for innsatsen til ein utruleg hyggeleg og humørfylt spelar. Han har spelt mange kampar for oss og har vore ein stor bidragsytar. Når Hunter no ynskte seg nærare familien, så har vi etter ei totalvurdering sagt ja til det, seier sportsleg administrativ leiar i Start, Rune Jacobsen.