Hopp til innhold

Frakta døde 14 mil for kremasjon

Før jul hadde Arendal nesten brukt opp kvota si på 200 kremasjonar, som er lov utan å ha renseanlegg. Difor vart døde frakta opptil 14 mil med bil for å halde utsleppsrekneskapen til Arendal i pluss.

Kremasjon

MÅTTE FRAKTAST: Døde i Aust-Agder måtte fraktast ut av fylket fordi Arendal hadde brukt opp sin kvote på 200 kremasjonar i fjor.

Foto: Illustrasjon: www.colourbox.no

– Begravelsesagenten sa at far min måtte køyrast til Sandefjord på grunn av at det var utsleppskvote på kremering, og at Arendal snart ikkje hadde fleire kvotar att, seier ein mann frå Gjerstad i Aust-Agder til Arendals Tidende , som ikkje ville stå fram med namn.

Pårørande: – Talentlaust

– Eg tykkjer det er idiotisk med tanke på at bilen må gå 12-14 mil lengre for «noko» som går opp i lufta på same viset, anten det er her eller der, seier han.

Ifølgje avisa prioriterer Arendal kommune eigne innbyggjarar når det nærmar seg slutten av året og kvota blir trang i Arendal.

– Dersom dei snakkar miljø, er det heilt talentlaust. For meg verkar det som om det er dei fine tala for kommunen som tel, dei bryr seg ikkje om korleis det skjer så lenge dei kan skryte av eit flott klimarekneskap, seier han.

Store prisskilnader

Det kan vere særs dyrt å frakte sine avdøde ut av heimkommunen til næraste krematorium. I tillegg til transportkostnader skal mottakarkommunen også ha sitt. Til dømes opererer Sandefjord med 2500 kroner per kremasjon for andre kommunar.

Arendal tek 4000 kroner for dei utanfor kommunegrensa, medan dei kun tek 1000 kroner for «sine eigne». I Kristiansand ligg prisen på 5800 kroner dersom den døde ikkje kjem frå kommunen.

– Vi måtte seie nei til fleire før jul, men det var i samband med at Kristiansand bygde om sitt krematorium og at vi i Arendal hadde teke imot så mange at vi hadde brukt opp «våre 200», ansvarleg for krematoriet i Arendal, Sigmund Raniszewski til avisa.

Kremasjonsovn

DYRT: Ein kremasjonsovn med renseanlegg er dyrt. Berre renseanlegget aleine kostar over to millionar kroner. Difor ville Arendal halde seg under kvoten på 200 kremasjonar.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Vil ha felles krematorium

Dei fleste byane i Noreg har i dag kremasjonskvoter ifølgje Raniszewski. Det betyr at ein må dokumentere utsleppa sine. Men det er lettare rensekrav så lenge ein held seg under 200 kremasjonar. Årsaka er at dersom ein kremerer over 200 personar i året må ein rense kvikksølv. Det betyr at ein må investere i eit renseanlegg, som kostar over to millionar kroner.

Raniszewski meiner eit felles krematorium i landsdelen ville ha betydd mindre utslepp og at ein kunne ha føretatt fleire kremasjonar. Årsaka til det er blant anna at grunnoppvarminga er gjennomført.

– Kan spare

– Hadde vi hatt eit felles krematorium for regionen kunne vi drive både økonomisk og miljøvennleg. Ein ser kun på ein sektor, og ikkje den samfunnsmessige biten, ikkje heilheita for kva som er fornuftig. Vi har stussa på det, det er ikkje så veldig smart å drive slik, seier han.

– Jo fleire som vert kremert, jo mindre olje brukar vi. No brukar vi 5-6 gonger så mykje olje enn vi kunne gjort dersom vi hadde hatt fleire på ein gang. Vi har mykje meir kapasitet enn det vi tek i dag, og når vi sender dei til ein annan by kjem transporten i tillegg, seier han.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %