Hopp til innhold

– Perfekt å starte valet rett etter fjortistida

I 19 norske kommunar får 16-åringar lov til å stemme ved haustens val. No håpar ung politikar at ordninga blir permanent i alle norske kommunar.

Alexander Sommerseth

POSITIV: Alexander Sommerseth i Sosialistisk ungdom trur at dei aller fleste 16-åringane er skikka til å stemme.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er fantastisk å komme så tidleg inn i politikken. Eg trur dette vil få fleire unge til å engasjere seg i politikk, seier Alexander Sommerseth i Sosialistisk ungdom til NRK.no.

Han er overbevist om at 16-åringane er skikka til å stemme.

– Ungdommen er smarte

– Ja, ungdommen er smarte. Men dei bør sjølvsagt setje seg ned og sjå på dei ulike politiske partia. Her har jo skulen også eit ansvar, seier han.

Sommerseth er sjølv engasjert som nestleiar i Sosialistisk Ungdom og ungdomsklubben Inclub i Mandal.

– Her lærer ein korleis ting heng saman. Treng ein pengar til utstyr på klubben lærer vi korleis vi skal gå fram. Å engasjere seg i politikken vil påverke ungdommen for resten av livet. Det er jo perfekt å starte med å kunne stemme rett etter fjortistida, seier han.

Mange informasjonskanalar

Som 22-åring har Robin Bårdsen allereie site ein periode i bystyret i Mandal.

– Eg hugsar når eg byrja på ungdomsskulen var det ein stor innvandringsdebatt her i landet. Det var nok den som tente engasjementet mitt. Samstundes byrja eg å tenkje på å ta bilsertifikatet. Då var samferdslepolitikk og bilavgift viktig, seier han.

Bårdsen engasjerte seg i politikken allereie som 16-åring. Også han er positiv til stemmerett for norske 16-åringar.

– Mange er nok modne nok til å stemme. I dag for vi informasjon frå veldig mange kanalar. Det er lett å bli opplyst, men eg trur nok det er det same som resten av befolkninga. Det er ein del som har god peiling, medan andre ikkje har det, seier Bårdsen.

Robin Bårdsen

STEMMERETT: Robin Bårdsen frå Framstegspartiet meiner at stemmerett for 16-åringar også bør opne for nye aldersgrenser til dømes for å ta bilsertifikatet.

Foto: Asbjørn Odd Berge

Endring i aldersgrenser

Samstundes meiner han at stemmerett for 16-åringar må bety endring i fleire aldersgrenser.

– Vi må sjå på om dei skal få lov til å køyre bil. Skal dei få lov til å kjøpe ein pakke snus. Er dei oppegåande til å stemme og avgjere kven som skal styre byen og eventuelt landet må dei vere oppegåande nok til å bestemme andre ting, seier han.

– Så ein 16-åring skal få lov til å kjøpe øl på ein daglegvarebutikk, som de vil opne for?

– Skal dei stemme tykkjer eg dei bør få lov til det, seier han.

Alexander Sommerseth trur dei aller fleste 16-åringane i dei utvalde kommunane vil nytte stemmeretten.

– Dei stemmer jo for framtida si. Om partiet deira ikkje vinn valet har dei iallefall vore med. Samstundes er eg sikker på at alle tek sjølvstendige val, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %