Hopp til innhold

Start-supporter utestengd for rasisme

Start-supporteren som kom med rasistiske ytringar i kampen mot Sandefjord er utestengd i 60 kampar.

Eliteserien 2020 Start - Sandefjord 0-1.

Ein fotballsupporter kom med rasistiske ytringar mot Sandefjord-spelar Brice Wembangomo laurdag.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

– Dette viser at klubben tek eit sterkt standpunkt. Dette er ikkje ynskjeleg på våre arenaer, seier dagleg leiar Christopher MacConnacher.

Det var mot slutten av kampen mot Sandefjord at supporteren kom med rasistiske ytringar.

Dei var retta mot Sandefjord-spelar Brice Wembangomo.

Rosar supporterane

Dagen etter kampen valde supporterklubben Tigerberget å stenge medlemmen ute.

Klubben rosar supportermiljøet for måten dei har handtert dette på. Tigerberget reagerte raskt og delte informasjon til klubben, i tillegg til å ekskludere vedkommande, skriv Start på nettsida si.

– Dei har vore framifrå. Dei agerte fort og har gjort sine vedtak og har bidrege med informasjon til klubben. Det har gjort at vi har komme fram til det vi har komme fram til, seier han.

No har også Start bestemt at supporteren ikkje får vere på stadion dei 60 neste kampane.

– Vi vil ikkje ha dette på arenaen eller i samfunnet. Det er signalet her. Så må vi jobbe med haldningssending. Det er det viktigaste. Men sanksjonen i seg sjølv viser at vi ikkje tillèt hets eller rasisme på arenaen, seier MacConnacher.

Eliteserien 2020: Start - Strømsgodset 2-2

Christopher MacConnacher er dagleg leiar i Start.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Fleire vitne

Fleire personar var vitne til det som vart sagt. Ifølgje klubben har også supporteren erkjent det som skjedde.

Klubben opplyser at supporteren sjølv kan bidra til å korte ned på straffa. Då må vedkommande vise ei betydeleg haldningsendring. Supporteren kan blant anna delta på kurs i regi av Norsk Toppfotball.

Dette er den andre rasismesaka i Start i løpet av kort tid. Tidlegare i oktober vart ein supporter utestengd frå supporterklubben etter å ha komme med rasistiske ytringar i sosiale medium.

– Dette er noko som må førebyggjast over tid. Ei haldningsendring skjer ikkje over nokre dagar. Dette er haldningar som er der ute, seier han.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %