Hopp til innhold

Fortviler over nye råd for innseglinga til Arendal

Kystverket kom nyleg med ferske råd for innseglinga til Arendal. Det reagerer både hamnesjefen og næringslivet på.

Havnefogd i Arendal, Rune Hvass

Hamnesjef i Arendal Rune Hvass er svært kritisk til dei nye retningslinjene til Kystverket.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Det har komme endra reglar for Arendal hamn over natta. Det gjer det utfordrande for oss å gjennomføre sesongen i år, og planleggje kommande sesong.

Hamnesjef Rune Hvass rasar over Kystverkets losteneste, som endra retningslinjene for innseglinga til Arendal utan varsel.

No blir skip av ein viss storleik avrådd å komme til sørlandsbyen viss det blæs meir enn fem meter per sekund ved Torungen fyr.

Laurdag 27. mai valde cruiseskipet Amara å droppe innseglinga til Arendal etter at dei nye retningslinjene kom.

Hamnesjef Hvass skjønner at det må vere nokre restriksjonar.

– Det kjem vêr- og vindforhold som gjer at ein kaptein vel å kansellere, men vi kan ikkje innføre restriksjonar som i utgangspunktet gjer det umogleg å stoppe hamna totalt sett, seier han.

Hamnesjefen fryktar dette vil gjere Arendal uaktuell som cruisehamn.

– Dei fleste hamnekommunar investerer hundrevis av millionar kroner for å leggje til rette for skip. Dei må ha ei føreseielegheit for kva som kan komme inn, og éin part kan ikkje bestemme det åleine.

Fleire cruisebesøk kan bli avlyst

Det er losoldermann i Kystverket Geir Eikeland, som har sett avgrensinga.

Han avviser kritikken frå hamnesjefen, og seier det handlar om tryggleik.

Retningslinjene seier at det vil sjåast på som eit spesialoppdrag når skip over 180 meter skal inn Galtesund utanfor Arendal. Avgrensingane var tidlegare på 220 meter.

Galtesund

Cruiseskipa må gjennom Galtesund.

Foto: Leif Dalen / NRK

Avhengig av storleiken på skipet, er det også sett ei vindavgrensing frå fem til ti meter per sekund ved Torungen fyr.

Dette kan i verste fall bety at tusenvis av turistar ikkje får besøkje Arendal, i tillegg til at skip kan bli liggjande «vindfast» i hamna.

Ifølgje Agderposten er det ni cruiseskip som kan bli nøydde til å droppe Arendal.

Hvass samanliknar Arendal hamn med hamna i Haugesund, som ikkje har dei same avgrensingane.

Det er det ikkje hald i, meiner losoldermann Eikeland.

– Det er ingen spesialavgrensingar for Arendal. Vi må ta innover oss at området forbi Galtesund er veldig smalt. Alle hamner har utfordringane sine.

Lostjenesten Arendal.

Losoldermann Geir Eikeland meiner ikkje det er hald i kritikken frå hamnesjefen i Arendal.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

Sørgje for sikker segling

Eikeland hjelper skip inn tronge løp frå Sandefjord til Jæren.

Skipa til Arendal blir stadig større. Det er derfor dei har sett avgrensingane no.

Kritikken frå Hvass lèt han seg ikkje påverke av.

– Rolla vår er å få gjennomført losoppdrag på ein sikker måte. Jobben min er ikkje å ta kommersielle omsyn, seier Eikeland.

Han seier også at dialogen må gå begge vegar, etter Hvass sitt utsegn om at endringane ikkje var varsla.

– Dialog baserer seg på å gå to vegar. Dei må også informere oss om kva skip dei har booka.

Les også: Tips til ein rimeleg ferie i Noreg

Friluftsflokken, Oliver Halvorsrød og sønnen Vilder.
Friluftsflokken, Oliver Halvorsrød og sønnen Vilder.

Fryktar for berekraftig satsing

Kunnskapssenteret og kontora til Raet Nasjonalpark er noko av det første mange turistar ser når dei kjem til Arendal med båt.

Hovudinngangen ligg nemleg plassert på bryggja der cruisebåtane fortøyer.

Med dei nye reglane, fryktar leiar for Vitensenteret på Sørlandet Kine Wangerud for Arendals satsing på berekraftig reiseliv.

– Dette er mykje større enn berre kunnskapssenteret. Vi har investert i landstraum, og vil lage fleire berekraftige løysingar for turistane. No forsvinn noko av det inntektsgrunnlaget. Det er trist for oss alle.

Ho fortel at det er fleire ting og investeringar dei ikkje ville gjort om dei visste om regelendringane tidlegare.

– Det er veldig seint å få vite at dei ikkje kjem. Det har tydelegvis vore manglande dialog.

Les også: Rekordmange nordmenn ferierer i eige land

Øya
Øya

Siste nytt fra NRK Sørlandet

NRK Sørlandet
Spiller nå
Gaute Heivoll aktuell med ny diktsamling 00:42
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 05 0,54 kr
Dyrest kl. 09 0,62 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,2 kr 25 min.
  • Dusje 2,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Aug 2022 – aug 2023
    + 9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %