Det sa han då han la fram sine råd om framtida til Forsvaret, som skal overleverast til forsvarsministeren.
Bruun-Hansen vil flytte Luftforsvarets tekniske skolesenter til Værnes i Stjørdal.
– Kjevik anbefalast nedlagt i samband med utfasinga av F-16. Den flytekniske utdanninga må forandrast for å tilpassast F-35. Den anbefalast lagt til Værnes eller trondheimsregionen i nærleiken av flya, sa Bruun-Hansen på pressekonferansen.
KrFs stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan er skuffa.
– Det er svært beklageleg at Sørlandets einaste forsvarsinstitusjon, plassert på Kjevik, vert føreslått lagt ned, seier Grøvan til NRK.
Dersom forsvarssjefen får det som han vil betyr det at Forsvaret vil vere heilt borte frå Sørlandet.
– Høgskulen på Kjevik representerer eit høgkompetent og særs spesialisert fagområde, seier han.
Stortingsrepresentanten er klar for å kjempe for å behalde skulen på Kjevik.
– Eg vil hente inn all relevant informasjon fram mot behandlinga av saka i Stortinget til våren og er klar til å kjempe for å behalde høgskulen på Kjevik, seier han.