Hopp til innhold

Forsøkte å svindle bankkundar med falsk mail

Ei rekkje bankkundar på Sørlandet har den sista tida blitt forsøkt svindla med ein falsk e-post. Nordea har fått fleire telefonar frå sørlendingar.

Banksvindel

Fleire bankkundar på Sørlandet har motteke denne e-posten den siste tida.

Foto: NRK

– Dette er eit forsøk på svindel via e-post som er kjent, og som dessverre oppstår frå tid til anna, seier kommunikasjonssjef i Nordea Unni Strømstad til NRK.

Unni Strømstad

Kommunikasjonssjef i Nordea Unni Strømstad seier at banken har fått mange telefonar frå kundar som har fått e-posten.

Foto: Nordea

Måndag fekk banken ei rekkje telefonar frå både kundar og banktilsette som har fått e-posten.

«Kontoen din er åpen»

– Vi har fått eit titals telefonar frå Sørlandet. Det kan virke som om det er den regionen som er råka, seier ho.

I e-posten står det mellom anna: «Vi la merke til kontoen din er åpen et annet sted med nettverk IP-adresse». For å blokkere dette blir kunden bede om å klikke på ei lenke. E-posten er signert med Danske Bank.

– Vi jobbar på spreng for å analysere dette. Det er for tidleg å seie om dette kun gjeld Nordea-kundar, eller om også andre bankar kan vere råka, seier Strømstad i Nordea.

– Ein del av kvardagen

Kommunikasjonssjef Stian Arnesen i Danske Bank seier at denne type svindel vert stadig meir vanleg.

– Det har dessverre blitt ein del av bankkvardagen i 2014. Det aller viktigaste er at kundane er klar over at verken vi eller andre norske bankar etterspør slike opplysningar per e-post, seier Arnesen.

Strømstad i Nordea ber folk vere forsiktige.

– Som ein generell regel er det viktig å ikkje klikke seg inn på lenke i e-postar der du er usikker på avsendar, seier ho.

I desember i fjor gjekk tilsvarande e-post ut til fleire bankundar over heile Norge. Då fekk Danske Bank over 300 henvendelsar til kundesenteret sitt.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %