NRK Meny
Normal

Forsøkte å bryte seg inn i våpenbutikk

Innbrotsforsøk i våpenbutikk og nisseslagsmål er noko av det politiet måtte ta hand om natt til laurdag. Her er politiloggen.

Forsøk på innbrot i våpenbutikk

Ein person prøvde å bryte seg inn i ein våpenbutikk i Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

02.46 Mandal: Ein person vart send til legevakta etter å ha blitt slått i ansiktet med eit glas. Episoden skjedde på ein utestad i sentrum. Ein person vart pågripen.

01.47 Kristiansand: Ein person vart arrestert etter å ha laga bråk i sentrum. Personen er også meld for å ha spytta på polititenestemenn.

00.33 Arendal: Ein person vart pågripen etter å ha stole ein grasklippar. Eigaren fekk tilbake den stolne grasklipparen.

00.27 Grimstad: Fleire personar i nissedrakter slåst utanfor ein utestad i Grimstad. Ein av nissane skal ha slått ein annan person.

23.29 Arendal: Ein 19 år gammal mann fekk førarkortet sitt beslaglagt på grunn av det politiet meinte var uforsvarleg køyring.

23.02 Kristiansand: Ein person forsøkte å bryte seg inn i ein våpenbutikk i sentrum. Personen stakk frå staden etter å ha forsøkt å knuse ei rute. Politiet leitar etter gjerningsmannen.