Hopp til innhold

Forlengar laksesesongen

Mykje laks i lakseelvene i Vest-Agder gjer at fisket vert forlenga utover hausten.

Laksefisker svinger stanga i Gaula

FORLENGAR: Laksefisket i Vest-Agder blir forlenga.

Foto: Roar Hansen

– Fangstane har vore gode og innsiget og oppgangen av laks har vore gode i år, seier Pål Alfred Larsen hos Fylkesmannen i Vest-Agder til NRK.no.

God fangst

Ifølgje Fylkesmannen sine nettsider er fiskeoppgangen så god at ein mest truleg vil nå gytebestandsmålet i alle elvane.

– Fangst og oppgang vert samanlikna med statistikk for tidlegare år, slik at ein kan sjå om det er bra, eller mindre bra i forhold til målet om kor mange gytefiskar ein skal ha i elvane, seier han.

Årsaka til at det er meir laks er samansett, ifølgje Larsen.

Større fisk

– Det er ein del laks som klarar seg betre i sjøen no. Det er meir tilgang på næring. Spesielt når laksen blir litt større er tilgangen på småfisk, som den kan beite på, betre no enn tidlegare, seier han.

– Vi ser det på veksten på fisken og kva storleiksgrupper som dominerer i fangstane. Der er meir av laksen som har vore to år på sjøen. Vi ser også at fiskane er større, seier Larsen.

Endringar i laksefisket i Vest-Agder

Elv

Endring i fiskereglar

Tovdalselva

Ingen endringar

Otra

Fiskesesongen forlenga til 15. september

Mandalselva

Fiskesesongen forlenga til 15. september i heile elva. Sesongkvoten på 50 kg laks per fiskar vert oppheva

Audna

Døgnkvoten vert auka til to laks og to sjøaure. Fredningsdag på på torsdagar fell bort resten av sesongen

Lygna

Fiskesesongen forlenga til 10. september

Kvina

Ingen endringar

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %