Hopp til innhold

Førebur tilsette på ran

Reiselivsbedrifter får opplæring i korleis dei skal handtere ran. Bakgrunnen er fleire titals ran på Sørlandet det siste året.

Ran i Lyngdal

RANSKURS: Politiet skal kurse tilsette i reiselivsnæringa på Sørlandet i ran. Bilete er frå eit ran i Farsund i fjor. (Arkivfoto)

Foto: Overvåkningskamera

Det er politiet som står bak kursa for NHO-medlemmer på Agder i korleis dei tilsette skal handtere ran.

– Det er viktig for tryggleiken til medlemmene våre. Bedriftene er lite informert om korleis dei skal forholde seg til kriser. Dette vil bidra til at dei kan få meir informasjon om det, seier rådgjevar i NHO Agder, Lene Langemyr til NRK.no.

Mykje kontantar

Raner Farsund

RAM: Overvakingsfoto frå bankran i Farsund. (Arkivfoto)

Foto: Overvåkningskamera / Politiet

– Reiselivsbransjen har mykje kontantar i omløp og kan vere ein bransje som er ekstra utsett. Vi vil no førebu våre medlemmer på eit eventuelt ransforsøk, seier ho.

Det vil bli arrangert kurs både i Arendal og Kristiansand.

– No kan vi gjere alt frå å køyre fullskala ran med våpen til ein brysom kunde som utviklar seg til trugslar om vald, seier politiførstebetjent Rune Solstad til NRK.no.

Mentalt budd

– Det har noko med mental førebuing å gjere. Ein skal vere mentalt budd på å takle eit ran når ein er i ein utsett situasjon. Ein skal kunne ivareta sikkerheita for både seg sjølv om for andre kolleger, legg han til.

Solstad har vore øvingsleiar i agderpolitiet i ei årrekkje. Han har holdt ei mengde ranskurs, særleg for finansinstitusjonar. No er turen komme til reiselivsbedrifteer, som kan vere eit enkelt ransbytte ettersom ranarar går etter lettvinte verdiar.

Ran på Sørlandet

RAN: Politiet etterforskar framleis mange bankran i landsdelen. (Arkivfoto)

Foto: Montasje: Sander Heggheim/NRK

– Ikkje spel helt

– Før var det mykje bankar og institusjonar som var utsett ran. Det er ofte kontantar dei ynskjer. Det er heile tida noko som forandrar seg ut ifrå kvar det er verdiar å hente, seier han.

– Kva er det viktigaste du seier til dei som skal førebu seg på ran?

– Det er at dei har tenkt tanken på at dei kan stå overfor ein slik situasjon, seier han.

Han frårår ransoffer sterkt å spele helt i ein ranssituasjon.

– Lytt til ranaren

– Det er å vere roleg, lytte og høyre etter kva denne personen eigentleg ynskjer. Ein må prøve å gi personen det den vil ha, og komme seg ut og bort slik at trugslane stoppar, seier han.

– Så må varslinga skje så raskt som mogleg. Klarar ein å lese situasjonen og varsle i forkant er det glimrande for politiet for å komme inn så tidleg som mogleg, seier Solstad.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %