NRK Meny
Normal

Førebu deg på meir bulder og brak

Eit kraftig lågtrykk er på veg innover kysten. Det kan gi kraftige tordenbyger i Sør-Norge laurdag og søndag.

Lyn og torden

Det er venta kraftig torden i Sør-Norge laurdag og søndag.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

– Lågtrykket ligg rett utanfor kysten av Sørlandet. I løpet av føremiddagen vil nok den første runda komme. Så vil det komme ei ny runde seinare i ettermiddag, seier statsmeteorolog Bente Wahl til NRK.

Bente Wahl

Statsmeteorolog Bente Wahl.

Foto: Jan-Inge Hansen / met.no
Lynkart.jpg

Kartet viser dei over 10 390 lynnedslaga som Statnett registrerte over Norge fredag.

Fredag skreiv NRK.no at det var registrert over 10 000 lynnedslag over Norge berre i løpet eitt døgn.

Dersom ein tek med Skagerrak mot Danmark vart det registrert mellom 20 000 og 30 000 lynnedslag.

Kraftig torden

Laurdag er det venta kraftige byer med torden sør for Bergen, i Rogaland, Agder og på Austlandet.

– I løpet av kvelden vil lågtrykket dra seg nordover mot Telemark og Austlandet, seier Wahl.

I løpet av natta er det austlendingane som får det verste vêret. Men det er først søndag ettermiddag at lågtrykket har passert.

– Det er alltid vanskeleg å melde, men det er eit potensial for kraftige tordenbyger heilt fram til søndag ettermiddag, seier statsmeteorologen.

– Det vil nok komme og gå litt. Det blir kanskje noko mindre ein periode før det tek seg opp igjen, seier ho.

Mista straumen

Fredag førte lynnedslag til fleire bustadbrannar, mange tusen mista straumen og Sørlandsbana vart stengt og store vassmengde første til flaum over store deler av Sør- og Austlandet.

Det er uvanleg for årstida med så kraftige tordenbyger i Norge, som det var fredag.

– Det er varm luft frå sør saman med kjølig luft i høgda som har ført til dette tordenvêret. Dette er truleg eit klimasignal. Global oppvarming gir oss oftare torden, sa statsmeteorolog John Smits til NRK fredag.

Se de fantastiske bildene av uværet som herjet over Østlandet natt til fredag.